
Frivillig i Indre Sunnfjord Turlag
Dei frivillige er bærebjelken i organisasjonen vår. Bli med på laget du også!
Skrevet av: Hege Mundal
Turlaga i DNT er tufta på dugnadsarbeid Vi er heilt avhengig av alle dei som brukar av si fritid til å merke stiar, skilte, vedlikehalde hytter, arrangere og leie turar, produsere innhald på Ut.no, ta bilete, ta på seg styrearbeid og mykje anna.
Korleis melder du deg som frivillig?
Uansett erfaring er du velkomen – vi har oppgåver som passar for alle! For å registrere deg, kan du gå direkte til vårt frivilligsystem på https://dnt.mobilise.no/mobile. For at du skal sleppe å hugse fleire brukarnamn og passord, vil det vere same innloggingsinformasjon i frivilligsystemet som på Min Side på dnt.no.
Kva kan du gjere som frivillig?
Vi ynskjer stadig å vidareutvikle tilbodet vårt og vil gjerne ha fleire frivillige med på laget! Velkommen både til deg som kan tenke seg faste oppdrag og du som kan bidra «av og til». Som frivillig får du ta del i eit fellesskap, du får nye naturopplevingar og meiningsfulle oppgåver. Du bidreg til at fleire kjem seg ut i vår flotte natur, noko som er helsefremjande både fysisk og psykisk.
Du treng ikkje bli medlem i DNT for å vere frivillig i eit lokalt turlag, men vi er sjølvsagt glad for alle nye medlemmer!
Dette ser vi spesielt behov for når vi planlegg aktivitetsåret 2025;
Opplæring og kurs sponsar vi mot yting i laget.
- Nokon som vil bidra i drift/arbeidsgruppe knytt til Barnas Turlag; i Naustdal, i Gaular og i Førde.
- Aktivitetsleiarar for friluftsliv tilrettelagt
- Stivertar - ansvar for årleg tilsyn av stiane våre (ein eller to turmål?). Større opprydding meldast inn til sti- og merkenemnda for dugnad.
- Hyttetilsyn ved Longevasshytta (overlapp med noverande tilsyn)
- Unge Vaksne med turleiarkompetanse.
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt indresunnfjord@dnt.no eller tlf 41337213.
Informasjon til tur- og aktivitetsleiar i Indre Sunnfjord Turlag
Turleiarrettleiar
Dette er ei rettleiing for planlegging og gjennomføring av turar. Her finn du kva som er ditt ansvar og kva org.medarbeidar kan hjelpe deg med. Elles er turleiarhandboka ditt oppslagsverk.
Rettleiar for turleiarar i IST
Turskildring
Her finn du mal for turskildring som skal nyttast som eit verktøy for å skriva turskildringar. Bruk denne malen for å skildra turen du skal leia og send informasjonen til indresunnfjord@dnt.no.
Turbeskrivelse - kva bør vere med
Risikoskjema
Indre Sunnfjord Turlag ynskjer at du fyller ut risikovurdering gjennom tilsendt lenke i DNT Trygg, men det går også fint å sende utfylt skjema pr.e-post.
Retningslinjer for påskjøning og dekking av utgifter.
Har du hatt utgifter ved ein tur eller dugnad?
Send inn kvitteringar og utfylt reiserekningsskjema til indresunnfjord@dnt.no
Anna relevant informasjon;
Her kan du finnne meir Informasjon om turleiarstigen. Dersom du ynskjer verte Breførar/Klatreinstruktør/Førstehjelpsinstruktør kan du finne meir informasjon om forløpet og krav i NF-Nasjonal-standard-2023.
Informasjon til hyttetilsyn & stivertar
Rettleiing for stivertar
Rettleiing for hyttetilsyn
Sjekkliste for hyttetilsyn
Internkontrollskjema for hytter
Skal fyllast ut ved årleg stordugnad.
Retningslinjer for påskjøning & dekking av utgifter
Dugnadstimar
Alle dugnadstimar skal rapporterast inn til DNT sentralt, samt visast i statistikk på årsmøte/årsmelding. Notèr ned antal dugnadstimar du har jobba og rapporter inn til leiaren i gruppa di. Har du til dømes gjort noko arbeid for vardekomiteen og noko for eit hyttestyre, sender du timane dine til to gruppeleiarar separat.
Se også

