Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Frivillig i Indre Sunnfjord Turlag

Published: August 01, 2026
Written by: Hege Mundal
Article

Vil du vere med og skape friluftsglede i nærmiljøet?
Frivillige er hjartet i Indre Sunnfjord Turlag. Kvart år bidreg dei med hundrevis av timar for å arrangere turar, merke stiar, ta vare på hytter og skape gode naturopplevingar for barn, unge og vaksne.

Vi har plass til fleire på laget, enten du ønskjer å bidra ofte eller berre av og til.

Det finst oppgåver for alle
Du treng ikkje vere turleiar eller ha lang erfaring frå friluftsliv for å bidra. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med.

Du kan til dømes bidra med:

  • Barnas Turlag og DNT ung
  • Turleiing og aktivitetsleiing
  • Sti-, merke- og dugnadsarbeid
  • Tilsyn og vedlikehald av hytter
  • Arrangement og aktivitetsdagar
  • Styre- og nemndsarbeid
  • Foto, nettsider og sosiale medium
  • Kart, turforslag og friluftsinformasjon

Akkurat no har vi særleg behov for

  • Hyttetilsyn ved Longevasshytta
  • Leiar for hyttestyret
  • Frivillige til Barnas Turlag i Førde

Samtidig er vi alltid glade for å kome i kontakt med nye frivillige, uavhengig av interesse og erfaring. Du treng ikkje vite nøyaktig kva rolle som passar for deg før du tek kontakt.

Kor mykje tid må eg bruke?
Det bestemmer du sjølv. Nokon bidreg på ein dugnad eller eit arrangement i året, medan andre er turleiarar, hyttevertar eller sit i styre og nemnder.

Alle bidrag er verdifulle, store som små.

Kva får du att?
Som frivillig får du:

  • Vere del av eit sosialt fellesskap
  • Nye naturopplevingar
  • Moglegheit til å lære nye ting
  • Kurs og kompetanse gjennom DNT
  • Høve til å gjere ein forskjell i lokalmiljøet
  • Turlaget dekkjer normalt kurs og opplæring som er relevante for rolla du har som frivillig.

Korleis melder eg meg som frivillig?
Registrer deg i DNT sitt frivilligsystem:

👉 https://dnt.mobilise.no/mobile

Du brukar same innlogging som på Min Side på dnt.no.

Usikker på korleis du kan bidra?
Ta gjerne ein kikk på aktivitetskalenderen og tilbodet vårt for å sjå kva vi driv med gjennom året.
Ta kontakt med oss på indresunnfjord@dnt.no eller telefon 413 37 213.
Vi tek gjerne ein uforpliktande prat om kva oppgåver som kan passe for deg.

Velkomen som frivillig i Indre Sunnfjord Turlag!

Informasjon til tur- og aktivitetsleiar i Indre Sunnfjord Turlag

Turleiarrettleiar
Dette er ei rettleiing for planlegging og gjennomføring av turar. Her finn du kva som er ditt ansvar og kva org.medarbeidar kan hjelpe deg med.​​​​​​​ Elles er turleiarhandboka ditt oppslagsverk. 

Rettleiar for turleiarar i IST 2025.pdf

Turplan 2026 (excel - kun turleiarar med tildelt tilgang)

Turskildring

Her finn du mal for turskildring som skal nyttast som eit verktøy for å skriva turskildringar. Bruk denne malen for å skildra turen du skal leia og send informasjonen til indresunnfjord@dnt.no.

Turbeskrivelse - kva bør vere med

Risikoskjema

Indre Sunnfjord Turlag ynskjer at du fyller ut risikovurdering gjennom tilsendt lenke i DNT Trygg, men det går også fint å sende utfylt skjema pr.e-post.

Risikovidering sommertur.doc

Risikovidering vintertur.doc

Retningslinjer for påskjøning og dekking av utgifter.

Retningslinjer for utgiftdekning og påskjøning i Indre Sunnfjord Turlag.pdf

Har du hatt utgifter ved ein tur eller dugnad? 
Send inn kvitteringar og utfylt reiserekningsskjema til indresunnfjord@dnt.no
Utleggskjema Frivillige.xlsx

Retningslinjer for kursstøtte .pdf

 

Anna relevant informasjon;

Førstehjelp ABC

2025 Anbefalt førstehjelp IST

Turleders kriseark

Her kan du finnne meir Informasjon om turleiarstigen. Dersom du ynskjer verte Breførar/Klatreinstruktør/Førstehjelpsinstruktør kan du finne meir informasjon om forløpet og krav i NF-Nasjonal-standard-2023.

Informasjon til hyttetilsyn & stivertar

Retningslinjer for påskjøning & dekking av utgifter

Retningslinjer for utgiftdekning og påskjøning i Indre Sunnfjord Turlag.pdf

Utleggskjema Frivillige.xlsx

Sti- og merking:

Rettleiing for stivertar
(Sist rev. 2026)

Oversikt over stiar og ruter IST har ansvar for
(Sist rev. vår 26, endringar er venta)

Merkehandboka

Stiskulen - miljødirektoratet. 

Hytter:

Instruks for hyttetilsynet
(sist.rev 2007)

Sjekkliste-for-hyttetilsyn
(Sist rev. 2025. Fyllast ut og sendast inn til indresunnfjord@dnt.no 4x årleg)

DNT handbok hyttedrift.pdf

Dugnadstimar

Alle dugnadstimar skal rapporterast inn til DNT sentralt, samt visast i statistikk på årsmøte/årsmelding. Notèr ned antal dugnadstimar du har jobba og rapporter inn til leiaren i gruppa di. Har du til dømes gjort noko arbeid for stinemnda og noko for hyttestyret, sender du timane dine til to gruppeleiarar separat. 

Å verte turleiar i DNT

Sjå meir om kva ein gjer som turleiar i DNT og kva kurs som krevst. Som aktiv frivillig i Indre Sunnfjord Turlag kan du søkje styret om å få dekka eventuelle kursavgifter.

Share article:
Share via email

Aktuelle kurs for deg som er eller ynskjer å bli frivillig?

Show all in DNT's activity calendar

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member