Indre Sunnfjord Turlag er lokallaget for Askvoll, Fjaler og Sunnfjord Kommunar. Vi arbeider for eit allsidig, inkluderande og miljøvenleg friluftsliv. Vi ynskjer å tilby naturopplevingar i trygge rammer for alle aldersgrupper. Gjennom heile året arrangerer vi fellesturar og aktivitetar med kompetente turleiarar. Vi driv også med vedlikehald av stiar og hytter. Våre frivillige er berebjelken i turlaget og vi ynskjer deg velkommen med oss på tur!
DNT Sogn og Fjordane er kontaktpunkt og støttespelar for 14 ulike lokallag. Dei arrangerar ulike kurs, samlingar og møter både for lokallaga og medlem.