Om Indre Sunnfjord Turlag
Indre Sunnfjord Turlag er eit av 14 lokallag tilknytta DNT Sogn og Fjordane. Vi har omlag 1800 medlemmer og dekker i utstrekning heile Sunnfjord kommune i tillegg til Fjaler og Askvoll. Vi arrangerer årleg 100 - 150 turar og aktivitetar, og har eit stort utval av fellesturar både sommar og vinter. På turane våre får du følgje med ein turleiar som tek ansvar for vegval og orientering undervegs, sikrar pausar og hyggjeleg stemning. Vi driftar dei tre hyttene Longevasshytta, Nipebu og Massbu som er eit turmål i seg sjølv. I tillegg merkar og vedlikeheld vi turstiar slik at du på eiga hand har gode føresetnader for å nå nye turmål på ein trygg måte.
Skrevet av: Hege Mundal
Administrasjon
Organisasjonsnr |
981 428 544 |
Postadresse: |
Postboks 488, 6803 Førde |
Kontor: |
Langebruvegen 9, 6800 Førde. |
Kontonummer: Vipps: |
3705.08.38995 |
Telefon: | 413 37 213. Vi set pris på å bli kontakta i kjernetid måndag- torsdag mellom kl. 9 - 15. |
E-post: | indresunnfjord@dnt.no |
Besøk oss på Facebook | |
Følg oss på Instagram |
Styret i Indre Sunnfjord Turlag 2024
Ingebjørg Erikstad
Leiar
41530941
ingebjørg.erikstad@enivest.net
Roger Hopland
Nestleiar
90077351
rh@rg.no
Reidun Kristiansen
Styremedlem
91694011
reidun.kris@hotmail.com
Kjell Arne Hjellbrekke
Styremedlem, Merke- og løypenemnda
95827976
kjell.arne.hjellbrekke@enivest.net
Sissel Flåm
Styremedlem, Barnas Turlag
99264780
sissel.flam@gmail.com
Edith Falkenstein
Styremedlem, Seniorgruppa
41267440
edith.falkenstein@enivest.net
Per Tore Meier
Styremedlem, Bre- og fjellsport
41505600
per.tore.meier@gmail.com
Kjell Kleiven
Styremedlem, Hyttestyret
99242772
kjell.kleiven@enivest.net
Tilsett:
Hege Mundal er tilsett i 50% stilling som organisasjonsmedarbeidar i Indre Sunnfjord Turlag.
hege.mundal@dnt.no
47899734
Medlemskap i lokallaget
Du treng ikkje vera medlem for å vere med på fellesturane eller nytte hyttene våre, vi ynsker alle velkomne. Likevel er medlempengane viktig for at vi kan fortsette drifta vår, skape aktivitet og utvikle oss som helsefremjande organisasjon i lokalmiljøet.
Dersom du melder deg inn i DNT vil du automatisk tilhøyre IST dersom du bur i kommunane Sunnfjord, Fjaler eller Askvoll. Du kan også be om at medlemskapen din vert knytt til IST sjølv om du bur andre stader i landet. Sjå meir om medlemsfordelane dine her.
Vilkår for turdeltaking:
Sjølv om vi stiller med dyktige turleiarar, er du som deltakar med på eigen risiko. Du må sjølv sørge for tilstrekkeleg med utstyr, og ha gyldig reiseforsikring. Det er ditt ansvar å ha den kompetansen turen krev. Dersom du er usikker på dette skal du ta kontakt med turleiar for nærare avklaring. Sjå meir om DNT's genrelle vilkår for deltaking.
Årsmelding og styrande dokument
Alle tillitsvalde; styre-og-gruppemedlem 2024
Årsmelding & årsmøtereferat:
2024
2022/23
Referat ekstraordinært årsmøte 2023
IST si historie
Indre Sunnfjord Turlag vart skipa i 1971 og vart det første turlaget i dåverandre Sogn og Fjordane fylke. I oppstarten hadde IST fem tillitsvalde, i dag er talet over 40. Dei tillitsvalde er fordelt på seks undergrupper; Barnas Turlag, DNT Ung, Hyttestyre, Sti- og merkenemnd, Bre- og fjellsportgruppe og seniorgruppe.
Aktiviteten til laget har utvikla seg i takt med tida og ynske frå medlemmene og befolkninga. I starten var det turar og hyttebygging. Breturar og skiturar var vanlegast, og dei som drog mest folk. Dei seinare åra har stimerking og rydding og vedlikehald vorte meir og meir etterspurt. Tendensen er at folk ynskjer å gå på tur i mindre venegrupper/familiegrupper og når det høver bestfor dei sjølve, ikkje som før med fellesturar i store grupper.
Indre Sunnfjord Turlag arbeidar for å henge med i utviklinga av friluftslivet til beste for medlemmene.