
Enkle turar i Florø sentrum
Vil du bli betre kjent i Florø sentrum, eller berre ta ein kort tur? Då kan vi tilrå desse tre heilårsturane.
Slik definerer vi ein «enkel tur»:
- Under 5 kilometer totalt
- Under 300 meter stigning
- Turen går på veg eller sti, utan krevjande parti med klatring o.l.
Kysttur i sentrum
Denne turen tek deg langs Storevatnet og vidare langs kysten, forbi Brendøya og Kystmuseet. Slik får du med deg både by, kyst og eit dryss lokalhistorie. Dette er ein flat tur som kan gåast heile året, og byr på mykje undervegs.
På turen passerer du Flora Turlag si dagshytte, padlenaustet Prestholmen, der ein kan leige kajakkar.

Går du litt vidare, kjem du til Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Her kan du kjenne lukta av gamle båtar og oppleve lokal kystkultur frå ei svunnen tid.
Rundtur med utsikt
Denne rundturen midt i Florø sentrum byr på både utsikt og kulturminne undervegs. Sidan det er ein rundtur, kan du starte kor du vil. I turforslaget nedanfor startar du ved Flora Omsorgssenter.
Med sine 60 meter over havet gir Kulturtårnet på Litleåsen fin utsikt over byen. Utsiktspunktet er ein gammal vanntank, som blei renovert og offisielt opna i 2022.
På andre sida av Litlevatnet finn du Flymeldeposten. Den vesle bua blei renovert i 2022, men har stått der i mange år. Ho var ein av fleire flymeldepostar i Sogn og Fjordane under krigen.

Turtips til ferskingen
Har du lyst til å gå din første tur, men vet ikke helt hvor du skal starte med planlegging og utstyr? Her får du gode tips og råd som er nyttig for nybegynnere.
Les videreTur til Havhesten
Om du går hit for ein symjetur eller ikkje, er turen til symjeanlegget Havhesten populær av fleire grunnar. Du går først gjennom nokre av gatene i sentrum, før du går langs Storevatnet og vidare mot sjøen. Dette er på ein måte Florø på langs.
Vil du ha ein litt kortare tur, kan du velje å gå rundt Storevatnet i staden for å halde fram til Havhesten.
Turer med Flora turlag
Se også

