Logo
Til DNT.no forside

Kajakkutleige og padleturar i Flora Turlag

Flora Turlag har for tida 8 flotte kajakkar til leige. Les gjennom denne informasjon før du legg ut på tur.

Vilkår for leige: 

  • Ein må vere over 16 år viss ein vil leiga kajakk aleine.
  • Kvart DNT-medlem kan ta med seg opp til to venner som ikkje er medlem.
  • Ein må ha våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.
  • Du skal klare å komme deg både ut av kajakken og opp i kajakken igjen viss du velter.
  • Du kan ha kajakken i maks eit døgn om gongen.
  • Alle som leiger kajakk må lese informasjonsskrivet som heng på hengeren.
  • All bruk av kajakkane skjer på eiga ansvar.

Informasjon om utleige: 

Ta kontakt med Kari-Anne Melvær Strømmen på 906 82 961 eller Tine Kroppan Holvik 971 68 809 for å avtale booking. Leige inkluderer kajakk, åre, spruttrekk og vest. Bekledning må de ha sjølv. Vær obs på at det er kaldt i sjøen.

Om kajakkane:

Vi har totalt 8 kajakker av merket Tahe Marine Reval. Dei har ikkje ror, men senkekjøl (skegg).

  • 5 stk Reval Midi, gule. Desse passer for personer på maks 1,90m og 70-100 kg.
  • 2 stk Reval HV, blå. Desse passer for større personer,
  • 1 stk Reval Mini, rød. Denne passer for dame/ungdom.

Prisar: 

100 kr. for leige om du er medlem i DNT.
200 kr. om du ikkje er medlem i DNT.
Det må alltid vere minimum èin person som er medlem i DNT. Då kan kvert medlem ta med seg opp til to personar som ikkje er medlem. 

Vi har Vipps nummer: 554905 og kontonummer: 3775.65.53268.

Kajakkutstyret:

Kajakkutleiga byggjer på tillit, og vi ber om at kajakkane og utstyret vert behandla med omsorg. Alt arbeidet med vedlikehald av utstyret skjer på dugnad. Viss du ser at noko av ustyret manglar eller er øydelagt, ver venleg å sei i frå til oss. Sjå kontaktinfo over. Vi ber spesielt om at du er varsam når du sjøsett kajakken og tek den på land att for å redusere slitasjen. 
​​​​​​​

God padletur!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem