Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Flora Turlag
Hånd holder telefon med kart
Fottur

Turtips fra Flora Turlag

Området vårt har eit eldorado av friluftsaktivitetar uansett årstid og form. Vi har turar på øyane, høge toppar og flotte småturar. Noko for einkvar! UT.no er DNT sin felles plattform for turmål, turforslag og hytter. Vi jobbar mykje med å gi dykk gode digitale stiar å følge, og peikar ut flotte turmål i digitale kart. Her kan du planlegge ditt neste eventyr!

Her finn du våre turforslag, lister, hytter og turmål som ligg i UT.no appen:

UT.no - Flora Turlag

Last ned appen: Iphone
Lat ned appen: Andrioid

Bli med Flora Turlag på Turtrimmen 2025 på SjekkUT i UT-appen!
I mange år har vi hatt turtrim og no gjer vi endå ein ny spennande vri. Årets Turtrim er todelt.

Fjorårets liste med alle SjekkUT punkt 2024 fortset. Og til deg som ikkje klarte alle i fjor er det berre å fortsetja der du slapp! Totalt har vi no 233 flotte turmål og stader i appen, og her finn du lista med alle turmåla for 2025. Vi premiar dei som klarer alle punkta. 

I tillegg har vi har samla alle punkta frå to lister: Flora Turlag Norddalsfjord Nedre og Flora Turlag Høydalane/Stavang/Standal på ei liste: Flora Turlag Turtrimmen 2025.  Her premier vi dei som tar alle punkta og trekk ut 3 tilfeldige blant dei som har sjekka inn.

Ut.no er eit levande produkt der nye punkt og turforslag kjem til – andre kan bli sletta. Meld deg på listene så har du kontroll og oversikt på kor mange du har og kva du manglar av punkta samt nye som kjem til. Deltakerne som blir premiert blir offentliggjort og, og vi offentleggjer ei liste med SjekkUT punkt ved konkurransens slutt.

Konkurransen gjeld frå november 2024 tom oktober 2025. Om du har spørsmål, eller det ikkje fungerer kan du sende oss ein e-post på: floraturlag@gmail.com.

Vi håpar dette vil motivere til flotte turar og opplevingar - og ikkje minst gje dykk ny inspirasjon til turmål!

Korleis brukar ein UT appen?
Sjekk inn med sjekkUT er vår digitale turpostkasse og gjestebok. Med SjekkUT kan du registrere dine besøk og samle på turpostar, fjelltoppar, hytter og andre turmål over heile landet. Lurer du på korleis ein kan sjekke inn med sjekkUT? Eller kva som er skilnad på turforslag, turmål og ruter? Kanskje du lurer på korleis du kan filtere i kartet? Svar finn du her! 


Turvett

Usikker på fjellvettreglane eller pakkelista? Uansett om du er nybegynnar eller ekspert kan du finne gode tips til turen på denne temasida frå DNT Sentralt.
DNT: Turvett

 

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem