Hyttene til Flora Turlag
Flora Turlag har fem hytter, og alle er ubetjente. Velkommen til Gjegnabu, Blåbrebu, Børabu, Kinn og Prestholmen.
Medan hytta på Kinn ligg på ei øy i havgapet ligg Gjegnabu og Blåbrebu i det flotte fjellområdet rundt Ålfotbreen. Desse to hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter, og som ein del av vest-aust ruta «Frå hav til bre». Denne ruta startar frå anten Årebrot eller Botnane i vest, og går via Blåbrebu og Gjegnabu til Hyen. Børabu er vårt nyaste tilskudd i hyttefamilien og åpna 2022. Hytta ligg idyllsk til under majestetiske Haukåbøra, og blir drifta saman med SFE som eigar. Prestholmen er ei dagshytte utan moglegheit for overnatting, og er eit pågåande naustprosjekt mellom Båtevika og Kystmuseet/Brendøya. Det er ein stad for kurs, sosialt samver og aktivitetar. I tillegg til sittegrupper med langbord i begge etasjar, vert ein del av naustet nytta til lagring av turlaget sitt fellesutstyr, kajakkar og padleutstyr som er til leige. I løpet av vinteren vert det opna for leige av oppbevaringsplass for kajakkar.
Du kan no nytte deg av digital booking på hyttene. Sjå meir informasjon under kvar enkelt hytte.
Velkomne til våre flotte hytter!
Hytteprisar
Her er prisliste for hyttene våre:
Medlem/ikkje-medlem
Vaksne 250,-/ 450,-
Ungdom 13-25 år 125,-/ 250,-
Born 4-12 år 0,-/125,-
Born 0-3 år 0,-/ 0,-
Heile Gjegnabu 2 500,-/ 3 500,-
Heile Kinn 2 500,-/ 3 500,-
Heile Børabu 1 000,-/ 1 500,-
Heile Blåbrebu 3 000,-/ 4 000-,
Dagsbesøk pr. pers 50,-
Dagsbesøk pr. fam 100,-
*Du betalar for dagsbesøk når du nyttar gass, ved, do,
båt/kano eller andre fasilitetar på/ved hytta.
*Ved skuleklassar eller andre grupper,
ta kontakt for pristilbod på epost
Betalingsinformasjon
Bruk gjerne vår digitale booking via hyttebooking.dnt.no. Dersom du ikkje har betaling gjennom hyttebooking kan du betale med vipps eller til kontonummer.
Skriv deg inn i hytteprotokollen med namn og nummer.
Vipps: 554905
Kontonummer: 3775.65.53268
SWIFT: SOFJNO22
IBAN: NO8237756553268
Hugs å skrive kva betalinga gjeld for.
Avbestilling
Vi følger DNT Sentralt sine avbestillingsvilkår.
Avbestilling skjer på nett eller til den foreininga som eig hytta. Ved avbestilling gjevast full refusjon inntil 5 dagar før ankomstdag, mindre enn 5 dagar før ankomst gir ingen rett til refusjon.
Lenke for avbestilling innan fristen.
Dersom du ynskjer avbestille seinare enn 5 dagar før ankomst og meinar du har sakleg grunn kan du ta kontakt med oss. Vi utøver skjønn og har m.a. moglegheit for å finne ny dato.
Flora turlag sine hytter
Se også