Om Årdal Turlag
Heilt frå starten i 1973 har Årdal Turlag arbeida for å fremja friluftsliv og kjennskap til dei ulike naturområda i Årdal kommune. Føremålet til Årdal Turlag er mellom anna å merka stiar, arrangera turar, vedlikehalde og legge til rette for overnatting i Gravdalen, bygga bruer og klopper og støtte ulike natur- og miljøtiltak i kommunen. I 2003 vart Årdal Turlag gjennom medlemskap i DNT Sogn og Fjordane ein del av Den Norske Turistforening (DNT). Årdal Turlag har i dag rundt 500 medlemmer.
Bli medlem
Du treng ikkje vere medlem i Årdal Turlag for å vere med på turane og aktivitetane våre, men me håpar likevel flest mogeleg melder seg inn. Medlemspengane er nødvendig for at me også i framtida skal kunne legge til rette for fine turar og aktivitetar i Årdalsfjella.
Les videre
Styret i Årdal Turlag 2026
Leiar Sonja Svortevik Hestetun
Nesteleiar Helge Rørvik
Kasserar Sølvi Hatlevoll Nundal
Styremedlem Anders Lindborg
Styremedlem Frank Øyre
Styremedlem Inge Seglem
Styremedlem Nina Sommerfelt-Pettersen
Varamedlem Odd Einar Frosta
Varamedlem Kristin Hestetun
Årsmeldingar
Grupper i Årdal Turlag
Medlemsrabatt på Sport1 i Øvre Årdal
Sport1- Sportshuset i Øvre gir 15% rabatt til medlemmar i Årdal Turlag!
Les videreSe også