Medlemskap i Årdal Turlag
Du treng ikkje vere medlem i Årdal Turlag for å vere med på turane og aktivitetane våre, men me håpar likevel flest mogeleg melder seg inn. Medlemspengane er nødvendig for at me også i framtida skal kunne legge til rette for fine turar og aktivitetar i Årdalsfjella.
Medlemmer i DNT som har bustadadresse i Årdal kommune vert automatisk medlem i Årdal Turlag så sant dei ikkje gir DNT beskjed om noko anna.
Du kan lese meir om medlemsfordeler og korleis du melder deg inn i DNT her:
Lokalt medlemskap
Det er og mogeleg å støtte aktiviteten i laget ved å teikne lokalt støttemedlemsskap, men ein vil då ikkje ha stemmerett på årsmøtet eller kunne sitte i styret i hovudlaget.
Lokalt støttemedlemskap i Årdal Turlag (ingen DNT-medlemsfordeler) kostar kr 250,- Send i såfall e-post til aardal.turlag@dnt.no eller bruk VIPPS#714423.
Se også