Turar og aktivitetar
Årdal Turlag har aktivitetar for alle aldersgrupper. Hovudlaget og Fjellsportsgruppa annonserer aktivitetane sine her på DNT sine sider. Dei andre gruppene; Barnas Turlag, FTU og Gålaget brukar for det meste Facebook-sidene sine til å annonsere aktivitetar. Sjå lenker nederst på sida her viss du vil vere med dei på tur. Ynskjer du å gå på tur på eiga hand, har Årdal Turlag også 40 turpostar med varierande vanskegrad rundt omkring i Årdalsfjella.
Neste tur
Turpostar
Turtips
Gradering på turer og aktiviteter med DNT
Følg med på Facebook for å få oppdatert informasjon om turar og aktivitetar i gruppene våre:
Barnas Turlag Årdal arrangerer kjekke turar og aktivitetar for barnefamiliar heile året.
Følg med på Facebook for å få med deg aktiviteten i Fjellsportsgruppa. Ta elles kontakt på e-post: fjellsport.aardal@dnt.no
FTU arbeider for at personar med funksjonsnedsetting skal få gode naturopplevingar, og er den nyaste gruppa i Årdal Turlag. Dei arrangerer kjekke aktivitetar for alle, uavhenging av fysisk form og funksjonsnivå.
Årdal Gålag går tur onsdag føremiddag, frå april til november! Turprogrammet vert lagt ut på Sporten i Øvre Årdal. Gålaget har og ei lukka gruppe på Facebook. Viss du er interessert i å vera med denne spreke gjengen på tur bør du melde deg inn i denne gruppa!