Hytter i Årdal
På stølen i Gravdalen har Årdal Turlag restaurert tre sel. Desse er låst med DNT-nøkkel og tilgjengelege som ubetjent DNT-hytter heile året. Stølen ligg fint til 850 moh, i sørenden av Gravdalen, ein sidedal til Utladalen i Årdal. Lenger inne i dalen, såvidt synleg frå stølen tronar Austabotntind saman med Ringstindane og Stølsmaradalstind. Frå stølen har du og fin utsikt mot Falketind og Hjelledalstind på andre sida av Utladalen. Gravdalen er ei lita perle som mange fleire burde besøke! Til Gravdalen kjem du enklast frå Hjelle i Utladalen. Følg grusvegen frå Hjelle til forbi 3.brua. Der tek du av på sti til Avdalen gard og vidare oppover til Gravdalen. Det er og ein fin tur å gå frå Skihytta i Fardalen eller via Stølsmaradalen (sjå turtips lenger ned på sida).
Brua i Gravdalen
2026-04-15: Brua over elva ved stølen i Gravdalen vart teken av flaum vinteren 2025. Årdal Turlag arbeider for å få opp ei ny bru lenger inne i dalen. Me håpar denne vil vere på plass i løpet av hausten 2026. Dersom du skal gå ruta frå Fardalen via Åsetvatnet til Gravdalen i sommar, må du difor vere budd på å vasse elva! Ruta frå Hjelle via Avdalen til Gravdalen er ikkje påverka av at brua er vekke.
DNT-hytter i Utladalen
Turtips
Se også