Årdal Gålag
Bli med Gålaget på føremiddagstur frå april til november!
Denne spreke gjengen går tur onsdag føremiddag frå april til november. Årdal Gålag har turar som lette til middels tunge. Er du turglad, vil koma i betre form og ha triveleg turfølge, så kom deg over dørstokken og bli med! Gålaget lovar deg fine turopplevingar der du vil bli betre kjend i dei flotte turområda vi har i og rundt Årdal.
Programmet til Gålaget finn du i eige turprogram som vert lagt ut på sporten i Øvre Årdal. Kvart år vert det sett opp mange flotte turar både i Årdal og i nabobygdene. På desse turane er det vanlegvis med kjentmenn som kjenner namn og historia til stadane ein går forbi. Dårleg ver hindrar ikkje turgjengen i å møte opp - tur blir det alltid, men det kan verte endringar i programmet på kort varsel. Meld deg inn i gruppa til Årdal Gålag på Facebook for å få med deg siste nytt!