Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Støls- og topptrim

Med Støls-og topptrimpostane ynskjer me å inspirera deg til å gå litt lenger turar, og kanskje også å ta turen til ein stad du ikkje har vore før? I tillegg til god mosjon, blir du godt kjend i Årdalsfjella og får kunnskap om lokal historie og tidlegare gards- og stølsdrift.

Publisert: 15. juli 2023
DNTs tilbud

Støls- og topptrimprogrammet er ei liste med 20 turpostar i Årdal og på grensa mot nabokommunane Lærdal, Vang og Luster. 

Nokre av postane er middels tunge turar som går på god sti og er godt merka. Andre er ekstra krevjande turar som går i ulendt terreng, utan sti, der du kan måtte bruke kart og kompass for å finne fram. Tidsbruk vil variera frå tre-fire timar til gode dagsturar. 

Postane står ute i tre år, og då vert det premiering for dei som har registrert seg på minst 10, 15 eller 20 postar.  Årdal Turlag prøver å setja opp fellesturar  til dei fleste av postane i løpet av dei tre åra postane står ute. Er du ikkje klar for å ta turen aleine, bli gjerne  med oss på tur! Ta elles kontakt med Årdal Turlag dersom du treng tips til ruteval. 

Registreringsskjema kostar kr 300,- for vaksne og kr 100,-for born og er til sals på sporten i Øvre Årdal.

Støls- og topptrimpostane for 2025-2027 vert sette ut våren 2025.  Premieringa skjer på årsmøtet i 2027.

GOD TUR!

Støls- og topptrim 2022-2024
Skogsvatnet i Årdal.

Støls- og topptrim 2022-2024

Premiane for Støls- og topptrim 2022-2024 vart delt ut på Årsmøtet til Årdal Turlag 15. november 2024. Saknar du premien din, ta kontakt med oss på e-post eller messenger. Postane for 2025-2027 vert publiserte rundt påske og sett ut i løpet av våren/sommaren,

Les videre
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem
Støls- og topptrim 2022-2024
Stølsmaradalen i Utladalen
Støls- og topptrim 2022-2024