Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Mosjonsskulen

Publisert: 14. oktober 2024
Artikkel

Mosjonsskulen i Årdal har eksistert siden 1991, og fleire av dei noverande medlemmane, har vore med sidan starten. Mosjonsskulen har trening kvar mandag og onsdag, frå september til april.

Medlemmane møter ved gymsalen på Farnes skule, går ein rask tur på ein 1/2 time, før ein møtest igjen til ei god treningsøkt inne. Treninga blir leia av ein god instruktør, som har fokus på øvelsar for heile kroppen. Målet er å komma seg opp frå godstolen, og å ta vare på eiga helse. Me ynskjer å skapa eit lystbetont og sosialt opplegg, med låg terskel for å bli med.

Det vert arrangert to sosiale treff, eit til jul og eit ved sesongslutt om våren.

Har du lyst til å bli med oss, så møt opp! Dette er ein sprek og sosial gjeng, som alltid ynskjer nye medlemmar velkomne.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem