Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Uttale i samband med vindkraftutbygging i Årdalsfjella

Publisert: 17. juli 2023
Nyhet
Foto:

Årdal kommune har tradisjonelt først og fremst blitt sett på som ein industrikommune. No er  noko i ferd med å skje! 

Årdal er 60% fjell. Innspeling av «71 grader nord» og Monsen «minutt for minutt» har vist fram den fantastiske naturen i Årdal til eit breitt tv-publikum. I 2020 vart kommunen godkjent som nasjonalparkkommune!

Etablering av eit turistkontor og Jonny Asperheim si glimrande turbok har gjort informasjon om tur-moglegheitene i kommunen lett tilgjengeleg. ‘Bulder & Brak Opplevingar’ har vist at naturopplevingar ikkje berre kan skape "bulyst», men òg arbeidsplassar i kommunen. Eit framveksande klatremiljø har nettopp lagt ned eit årsverk i dugnadstimar for å gje lokalsamfunnet eit nytt tilbod. Saman med Grovsyklarlauget, med den nybygde pumptracken, representerer dei nye initiativ som er med på å skapa «bulyst» basert på aktivitetar med naturen som arena. Alt dette er døme på utvikling i ei retning som gjer Årdal til noko «meir enn du trur».

No er i derimot noko anna i ferd med å skje. Det bles opp til storm, og sterke krefter ønskjer å gjera irreversible inngrep i den vakre fjellheimen vår ved å etablere massive vindturbinar i urørt natur. Årdalssamfunnet står overfor eit vegskilje og eit verdival.

Vegskiljet handlar om kor sterkt me ønskjer at Årdal skal ha eit einsidig fokus på industri, eller om me vil fortsette i ei retning der bygda viser seg som noko meir. Ei retning der me skaper trivsel og «bulyst» ved å framheva unike naturopplevingar, og vise kor fint me har det rett utanfor døra. Her kan du gå tur frå havnivå til høgfjellet, og i same augekast nyta utsikt over Norges lengste fjord og høgste tindar. Du kan spenna på deg fjellskia og gli innover landskap som er så vakkert at det fortener nasjonalparkstatus. Folk køyrer i timevis frå Austlandet for å gå på toppar som me når greitt på ein vanleg ettermiddag. Det er ikkje alle forunnt å bu i slike omgjevnader. Dette fortrinnet skal ikkje undervurderast verken når Årdal skal tiltrekka seg til- og heimflyttarar eller turistar. Dersom me skal lykkast i å formidla til folk utabygds at Årdal er noko meir enn eit industrisamfunn, krev det politisk vilje til å gjera harde prioriteringar der industrien ikkje alltid får komma først. Å gjera uoppretteleg skade på naturen vår sender sterke signal til omverda om at industrien alltid blir prioritert øvst her, og forsterkar det einsidige fokuset som har ført til at Årdal tidlegare har blitt kåra til Norges mest sårbare kommune. Dersom me skal få fleire bein å stå på krev det politiske avgjersler som gir rom for at nye initiativ kan veksa fram.

Årdalssamfunnet står òg framfor eit verdival. Ved sidan av klimakrisa står me òg i ei naturkrise. Me legg beslag på stadig meir av kloden sine ressursar, og dette har ført til at me står midt i ei masseutrydding av artar på linje med den som tok livet av dinosaurane. Ifølgje FNs naturpanel er arealbruk hovudårsaka. Kommunestyret sitt vedtak frå møtet 16. februar i år tok denne problematikken på alvor. Det viste ein framtidsretta og berekraftig innstilling frå lokalpolitikarane våre som ønskte å hegna om viktige miljø- og naturverdiar. Det er hårreisande å sjå at me no diskuterer ei heilomvending gjennom å etablere ein av dei mest arealkrevjande formene for kraftproduksjon som finst, i urørt høgfjellsnatur innanfor eit villreinområde. I ytterste konsekvens kan me komma i den absurde situasjonen at me står ved grensa til Jotunheimen nasjonalpark og ser rett over fylkesveg 53 på eit landskap øydelagt av vindturbinar og tilkomstvegar.

Me har eit særskilt ansvar for å ta vare på naturen vår, både av omsyn til naturen sin eigenverdi og slik at framtidige generasjonar òg kan nyta friluftsliv i urørt naturomgivnader. For årdølar er nakne trestammer ei velkjent påminning om førre gang då me let industrien øydelegga naturmiljøet vårt. Ønskjer me at vindturbinar blir såret me ser på i framtida?

Årdal Turlag med undergrupper seier klart NEI til vindkraftutbygging i Årdal, og stiller seg heilhjarta bak «For folk og fjell».

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem