Logo
Til DNT.no forside
Til Aktuelt

Voss Utferdslag frå A til Å

Er du nyfiken på kva som rører seg i Voss Utferdslag?

Foto:

Alle er velkomne! Voss Utferdslag har medlemmer i alderen 0–92 år og målet vårt er å leggja til rette for gode tur- og naturopplevingar for alle aldersgrupper.

Borna sitt Turlag skipar til aktivitetar og arrangement for familiar med born i alderen 0–12 år. Frileik, skileik, sykling, refleksturar, natt i naturen, kom deg ut-dagar og mykje meir står på programmet her.

Turbo kjem titt og ofte på Borna sitt Turlag sine arrangement. Foto Frøydis Ormåsen Heradstveit
Turbo kjem titt og ofte på Borna sitt Turlag sine arrangement. Foto Frøydis Ormåsen Heradstveit

 

Chihuahuaen din kan du ta med deg på dei fleste hyttene våre. Me har hundebur på fleire av sikringshyttene. DNT. Voss Utferdslag er ein medlemsorganisasjon i DNT. Er du medlem i Voss Utferdslag er du også medlem i DNT og får alle medlemsfordelane over heile landet.

DNT. Voss Utferdslag er ein medlemsorganisasjon i DNT. Er du medlem i Voss Utferdslag er du også medlem i DNT og får alle medlemsfordelane over heile landet.

Eldsjeler. Voss Utferdslag er tufta på dugnadsinnsats frå over 100 friviljuge eldsjeler. Kvart år vert det lagt ned over 7000 dugnadstimar i laget, til stor glede for oss alle. Vil du bli med på laget?

Dugnadsgjeng kvistar ruta frå Upsete til Kaldavasshytta. Foto: Sveinung Klyve

 

Friluftsliv. Laget har som føremål å arbeida for eit friskt og sunt friluftsliv.

Grøn Veka. I november arrangerer me grøn veka med Voss herad, samt mange organisasjonar og verksemder på Voss. Gjenbruk, å laga ting sjølv og å reparera er ein del av løysinga på klima- og naturkrisa.

Hytter med særpreg. Voss Utferdslag eig og driftar sju flotte hytter som er opne heile året: Kaldavasshytta, Grindaflethytta, Nansenbu, Torfinnsheim, Torvedalshytta, Volahytta og Tvinnestølen.

Hyttene våre er ope heile året. Foto: Andrè Marton Pedersen / BHT

 

Ingenting er som å tre inn i ei av hyttene våre etter ein lang dag i fjellet. Av med våte sokkar, på med turre klede, fyra i omnen. Finna skattane som gøymer seg på proviantlageret og lovprisa turrmaten som på magisk vis smakar betre enn ein Michelin-rett. Leita fram ein ufullstendig kortstokk som oppmodar til kreative løysingar. Drøs rundt bordet, godteri i skåla, trøytt i kroppen og ro i sjela.

Jubileumsår. I 2023 var det 90 år sidan Voss Utferdslag vart stifta og dette markerte me i samband med Vossamarsjen, 19. august. Me hadde rekorddeltaking med 180 som gjekk over Gråsida, 45 som sprang og 105 små og store som var med på Minimarsjen. Me gler oss allereie til august 2024!

Det var rekorddeltaking under Vossamarsjen i år! Me gler oss allereie til 17. august 2024

 

Kirkens Bymisjon er ein av mange flotte organisasjonar som me samarbeider med. Me diggar Skattkammeret og vonar mange nyttar seg av dette fantastiske tilbodet.

Lyst på ny kunnskap? Me har ulike kurs gjennom heile året. I 2023 var kurs i kart og kompass ein populær aktivitet, noko me vil halda fram med i åra som kjem.

Me har ei aktiv og engasjert seniorgruppe i laget. Dei har eit mangfald av turar på programmet gjennom heile året.

Naturen gjev oss ro og naturen gjev oss energi. Laget skal arbeida for å verna om naturen slik at komande generasjonar kan oppleva urørt natur.

Opptur er eit årleg arrangement for 8-klassingar i Voss herad. I år tok me dette klassetrinnet med på tur i Storåsen frå Gudleikstreet til Tvilde. Me vil retta ein stor takk til Voss Sparebank, Voss Energi, Voss Veksel og Landmandsbank og Sparebanken Vest som har støtta dette arrangementet.

I 2023 gjekk me i Storåsen og elevane fekk gratis kinobillett etter turen. Foto: Geir Henrik Styve

 

Protokollen på hyttene skal du skriva deg inn i, mest av alt for din eigen tryggleik. Dersom det vert leiteaksjon og du har skrive deg inn i protokollen, veit me kvar siste opphaldsstad var og kvar du er på veg.

Quiz er alltid kjekt på hyttetur!

Raud er fargen vår. Voss Utferdslag har ein vardekomitè som merker over 400 km stiar med den raude, trygge T’en.

Stølsturane er populære! I 2024 har me tiårs-jubileum og me planlegg ei kjekk markering av at me har hatt dette flotte og viktige lågterskeltilbodet i ti samanhengande år.

Turbo er den populære maskoten til Borna sitt Turlag. Han kjem ofte innom arrangementa våre!

Ungdommar vil me ha fleire av! De er framtida og me ynskjer å få i gang att aktiviteten i DNT Ung.

Verda er vid, men Voss er vidare. Me elskar Voss.

WC x 2. Det er ikkje mange plassar du kan sitja ved sida av syster eller bror din på ein dobbeltdo, slik som på Volahytta.

Dobbeltdo på Volahytta

 

Xantofyll finn du i mange fjellblomar. Dei fleste gule fargar hjå blomar og frukt kjem frå xantofyll. Ta med deg ei bok om fjellblomar på neste fjelltur.

Yes! Me likar å sei ja til nye samarbeid og gode initiativ.

Zen-livet får du til fjells!

Æresmedlem er den mest høgthengjande pristildelinga frå DNT. Dette vert tildelt personar som i framifrå grad har arbeida til gagn for foreininga.

Øvste leiar i laget er Ingebjørg Winjum og dagleg leiar er Margrethe Alm. Me er alltid takksame for tips, innspel og nye idèar.

Årstider er gull! Tenk så heldige me er som får oppleva alt det vakre med dei ulike årstidene våre.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag