Bli frivillig i Voss Utferdslag

Me vil gjerne ha deg med som frivillig i laget og me vil tilretteleggja for at du finn oppgåvene du har lyst til å bidra med!

Publisert: 04. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
DNTs tilbud

Voss Utferdslag er tufta på frivillig arbeid og kvart år legg frivillige ned over 7000 dugnadstimar for å gje gode natur- og turopplevingar for folk i alle aldrar. Tusen takk til alle som legg ned desse timane for fellesskapet og hjarteleg velkomen til deg som ynskjer å bidra. 

Tur- og aktivitetsleiar

Akkurat no har me eit stort behov for tur- og aktivitetsleiarar i Voss Utferdslag, uansett kva interessefelt du har.  Er du interessert i å heva kompetansen din og vera med å leia aktivitetar og turar, er du hjarteleg velkomen hjå oss. Ved å bli turleiar kan du til dømes bidra inn mot Borna sitt Turlag eller organisera turar på eige ynskje og regi. Moglegheitene er mange! 

Turleiarutdanninga til DNT

DNT sin turleiarutdanning byggjer på ulike trinn, og kvart trinn aukar kompetansen din slik at du vert meir rusta til å leia meir avanserte turar og aktivitetar. Les meir om turleiarutdanninga

Me er så heldige at me har fått ålmennyttige midlar frå Voss Sparebank til å dekkja kostnadar knytt til turleiarutdanning for personar som bur på Voss. 

Voss Utferdslag planlegg fylgjande for 2024

  • Ope informasjonsmøte om turleiarkurs lokalt i januar/februar (dato kjem)
  • To grunnleggjande turleiarkurs på Voss
  • Eit sommarturleiarkurs på Voss
  • To - tre grunnleggjande fyrstehjelpskurs

Me vil ha deg med på laget! 

Anna frivillig arbeid

I Voss Utferdslag har me også frivillige verv knytt til hyttene, merking og vedlikehald av turar, stølsturane, Vossamarsjen (det største arrangementet til laget) med meir. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag