Logo
Til DNT.no forside

Sjå oversikt over hyttene

Fjella kring Voss byr på både barnevenlege og krevjande turar, både sommar og vinter. Her er eit stort stinettverk og ein kan velja mellom mange ulike ruter til hyttene.

Gråsida

På Gråsida, sør for Vangsvatnet, finn du tre hytter.

Torfinnsheim 
Torfinnsheim er ei ubetjent hytte med 28 sengeplassar. Hytta ligg kun to km frå parkeringa på Hodnaberg og er såleis perfekt for barnefamiliar. 

Nansenbu
Nansenbu er ei koseleg hytte som ligg ved Stora Torfinnsdalsvatnet. Hytta er ubetjent og har 10 sengeplassar. 

Rosethytta
Denne hytta ligg i austenden av Vangsvatnet (670 m.o.h). Hytta er berre ope i sommarhalvåret (juni - oktober) og ein kan kun leiga heile hytta. 

Ta toget til fjells!

Tek du Bergensbanen austover frå Voss mot Oslo kjem du til Ljosandbotnen, Upsete, Myrdal og Hallingskeid. Dette er flotte startpunkt for Grindaflethytta og Kaldavasshytta.

Grindaflethytta
Denne sjølvbetjente hytta ligg ved Grindafletvatni, 1086 m.o.h, i eit nydeleg fjellområde mellom Raundalen og Sognefjorden. Hytta har 14 sengeplassar. 

Kaldavasshytta
Kaldavasshytta er ei ubetjent hytta, 1275 m.o.h, som ligg i vilt og vakkert høgfjellsterreng. Hytta er lett tilgjengeleg frå Upsete (6 km) og har 20 sengeplassar. 

Nord for Vangsvatnet mot Stølsheimen

I dette området finn du Volahytta, Tvinnestølen og Torvedalshytta. Her er moglegheitene mange for fleirdagarsturar vidare innover i Stølsheimen. 

Volahytta
Barnevenlege Volahytta er sjølvbetjent og har 18 sengeplassar. Det er knappe to kilometer frå parkeringsplassen ved demningen i Volavatnet. Hytta ligg flott til ved ein vakker foss og det er mange gode fiskevatn i området. 

Tvinnestølen
Fire kilometer aust frå Volahytta ligg Tvinnestølen. Her finn du to hytter - eit sjarmerande stølshus og ei ny hytte som vart bygd i 2021. Hyttene har 17 sengeplassar og er ubetjent.

Torvedalshytta
Hytta ligg i trekanten mellom Engjalandsdalen, Myrkdalen og Eksingadalen. 24 sengeplassar og sjølvbetjent.  

 

Dugnadsdatoar på hyttene våre
Arbeid på brua i Stordalen, september 2020.

Dugnadsdatoar på hyttene våre

Kvart år gjennomfører me dugnader på hyttene våre og her får du oversikt over datoane det er arbeid på hyttene våre. Me legg fortløpande ut informasjon om dugnadsdatoar.

Les videre
Ta hensyn til villreinen på tur

Ta hensyn til villreinen på tur

Villreinens leveområder er under press. Slik kan du ta hensyn dersom du ferdes i et villrein-område.

Les videre
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag