Logo
Til DNT.no forside

Stølsturane

For tiande år på rad arrangerer Voss Utferdslag  lågterskeltilbodet «Stølsturar i Vossafjell», med 15 flotte turmål! Me inviterer store og små til både korte og litt lengre turar. Desse kan du gå på eiga hand eller saman med andre, men utan turleiar. 

Publisert: 04. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
DNTs tilbud

Nokre av måla kan du besøka på same tur. Andre er gode utgangspunkt for lengre turar. Turane er merka med oransje merking, anten på pinnar, piler, eller i terrenget. Merkesprayen er biologisk nedbrytbar, og vil forsvinna av seg sjølv.

I perioden 17. juni til 13. oktober 2024 blir det hengt opp turbok-kasser med namnebøker og klyppetenger på dei ulike turmåla. Hugs å ta med deg klyppekortet på tur, og klypp med tanga som ligg i turbok-kassa. Hugs òg å skrive namnet ditt i turboka. 

Her kan du kjøpa stølsturhefta

  • Sport 1 (Amfi)
  • Skandinavisk høgfjellsutstyr
  • Endeve Sport
  • Turistinformasjonen (Visit Voss)
  • Dyrdal (Haugamoen). Tek både Vipps- og kontantbetaling
  • Evanger Landhandleri
  • Joker (Vinje)
  • Myrkdalen Hotel
  • Coop (Granvin)
  • BHT Tursenteret i Marken (Bergen)

Per stk: Kr 150,- 
Familirabatt: Kr 400,- for 5 stk. Dette gjeld for barnefamiliar. 

Betaling med Vipps. Dyrdal i Haugamoen og Visit Voss tek òg imot kontantbetaling. 

Krossaset er eit av turmåla i 2023

 

Trekking av flotte premiar

For å vera med i trekking av premiar må du levera klyppekortet til Voss Utferdslag innan 1. november. Dette leverer du i postkassa utanfor Tre Brør Kafè.

Stor takk til grunneigarane

Me vil retta ein stor takk til alle grunneigarar som stiller stølsområda sine til disposisjon for ei turbok-kasse. Det er viktig at de parkerer på plassen som er skildra i omtalen av turmålet. Merk at ein del stølsområde har dyr på beite. Parkering er alltid på eige ansvar. 

Hugs

Hugs fjellvettreglane, kart, bompengar, bandtvang og lat att grinder etter dykk. Vis respekt for privat eigedom og omsyn til naturen.

Ekstremstølsveko

Ekstremstølsveko

Fredag 21. juni går startskotet for Ekstremstølsveko. Her er det om å gjera å gå flest stølsturar innan fredag 28. juni kl. 12.00.

Les videre

 

Stølsturane 2023

 

  • Lyklaset
  • Varde
  • Brattåker
  • Plassastølen
  • Kyrabotn
  • Lonane
  • Øyaset
  • Tinden
  • Krossaset
  • Horgaset
  • Rot
  • Kviting
  • Øvste Ulvundstølen
  • Bygdastølen
  • Revhaugen

Stølsturane 2022

 

  • Grostøl
  • Bettene
  • Røde Kors - hytta
  • Haugane
  • Kvanndalstølen
  • Mjølbotn
  • Øvstetuftene
  • Moldalii
  • Kaldaset
  • Preststølen
  • Tvinnestølen
  • Rapp
  • Njuken
  • Trænsstølen
  • Selset

 

Stølsturane 2021

 

  • Tveitastølen (700 moh)
  • Hiuri (700 moh)
  • Fjellset (850 moh)
  • Raudstølen (520 moh)
  • Kringsdalen (600 moh)
  • Brileset (560 moh)
  • Krokasetvatnet (880 moh)
  • Torfinnsheim (890 moh)
  • Ljosanddalen (850 moh)
  • Borgarebuvotni (1000 moh)
  • Steinsete (944 moh)
  • Litlastøl (500 moh)
  • Vatnasete (500 moh)
  • Byrset (690 moh)

 

Stølsturane 2020

 

  • Finnesdemmo (700 moh)
  • Raudberget (830 moh)
  • Vola (1100 moh)
  • Tuft'na - Gamle sundvesstølen (850 moh)
  • Vetle Grungen (850 moh)
  • Hjørnevikstølen (480 moh)
  • Bjørgo (345 moh)
  • Bjørgastølen (420 moh)
  • Kulset (650 moh)
  • Nåli (480 moh)
  • Haoset (740 moh)
  • Skykkjeset (770 moh)
  • Dalset (665 moh)
  • Moldbakken (415 moh)
  • Aordalen (660 moh)

Stølsturane 2019

 

  • Aldalen (254 moh)
  • Furestølen (630 moh)
  • Markusteigstølen (730 moh)
  • Gjellestølen (725 moh)
  • Brennevinsteinane (728 moh)
  • Hustveit (320 moh)
  • Leidalsstølen (580 moh)
  • Kiellandbu (913 moh)
  • Lyingaskaret (730 moh)
  • Mykkeltveitstølen (475 moh)
  • Nedrestølen (330 moh)
  • Liaset (560 moh)
  • Otledalen (800 moh)
  • Remlo (750 moh)
  • Skjedikane (380 moh)

Stølsturane 2018

 

  • Grungane (Bordalen)
  • Løkjane
  • Lundaholmen
  • Teigarapjane
  • Graonakken
  • Brunborg
  • Mòn
  • Olastøl
  • Vibotn
  • Fadnesstølen
  • Fossen
  • Svoleset
  • Skitset
  • Hangurshòlˊna
  • Kaldavasshytta

Stølsturane 2017

 

  • Hedlo (750 moh)
  • Kiseldur (690 moh)
  • Klondyke (1090 moh)
  • Liastølen (430 moh)
  • Hommedalstjørni (620 moh)
  • Måkeldalen (811 moh)
  • Nedre Skorset/Mugåsstølen (600 moh)
  • Øvre Skorset (800 moh)
  • Potten (573 moh)
  • Roksbotnen (750 moh)
  • Tesdalsstølen (550 moh)
  • Rosethytta (675 moh)
  • Rosetstølen (685 moh)
  • Sendedalen (924 moh)
  • Veset (850 moh)

 

Stølsturane 2016

 

  • Gilset (750 moh)
  • Nakka (330 moh)
  • Kvålsdalen (850 moh)
  • Torfinnsheim (900 moh)
  • Lindbergsstølen (645 moh)
  • Malmagrøn (850 moh)
  • Torvedalen (815 moh)
  • Bjørndalen (900 moh)
  • Flyane (530 moh)
  • Håset (815 moh)
  • Langeset (663 moh)
  • Steindro (800 moh)
  • Krakalidi (720 moh)
  • Horgaset (600 moh)
  • Helgaset (700 moh)

Stølsturane 2015

 

  • Nedste Ulvundstølen (650 moh)
  • Øvste Ulvundstølen (770 moh)
  • Vatnaset (700 moh)
  • Sygnabersstølen (700 moh)
  • Horgastølen i Middalen (780 moh)
  • Lyklaset (700 moh)Skredhovden (650 moh)
  • Løkjane (650 moh)
  • Listre (660 moh)
  • Slettedalen (862 moh)
  • Tvinnestølen (1050 moh)
  • Preststølen (450 moh)
  • Kronæ (600 moh)
  • Bileset (750 moh)
  • Bruåni (752 moh)

 

"Mor stølsturar": Astrid Såkvitne

"Mor stølsturar": Astrid Såkvitne

Eg møter Astrid på kontoret ein typisk haustdag på Vestlandet. Ute er det vått og grått, men Astrid sitt blide og gode åsyn gjev varme i rommet. Astrid har nett vore på trening og skal vidare opp i Kapellankåken seinare på dagen. Eg smiler for meg sjølv og tenkjer at slik skal eg også bli når eg blir stor. Eg gler meg til å prata med Astrid -  om oppveksten, livet og engasjementet i Voss Utferdslag.  

Les videre
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag