"Mor stølsturar": Astrid Såkvitne
Eg møter Astrid på kontoret ein typisk haustdag på Vestlandet. Ute er det vått og grått, men Astrid sitt blide og gode åsyn gjev varme i rommet. Astrid har nett vore på trening og skal vidare opp i Kapellankåken seinare på dagen. Eg smiler for meg sjølv og tenkjer at slik skal eg også bli når eg blir stor. Eg gler meg til å prata med Astrid - om oppveksten, livet og engasjementet i Voss Utferdslag.
Skrevet av: Margrethe Alm
Astrid vart fødd i 1950 i Granvin, og vaks opp på garden Nesheim saman med fire sysken. Faren, som kom frå Hafslo i Sogn, kjøpte garden i 1934 og her hadde dei både mjølkeproduksjon og sauehald.
Aktiv stølsdrift på Horgastølen
Interessa for stølar starta tidleg for Astrid. På Horgastølen hadde dei aktiv stølsdrift og kvar sumar frå Astrid var 3 – 13 år var ho med bestemora og hjelpte til. Det var mykje arbeid, men ho fann alltid tid til å gå turar i nærnaturen med hunden Lassi, ein trufast og god ven i oppveksten hennar.
- Det er desse sumrane som har gjeve meg ein sterk kjærleik for naturen, seier Astrid. – Eg fekk rett og slett fjellbasillen, legg ho til.
Apotekar i 50 år
Etter grunnskulen gjekk Astrid på Handelskulen på Vatle og 1. april 1968, året ho fylte 18 år, starta ho i jobb på apoteket på Voss. Og i apotekyrket vart ho verande heilt til ho pensjonerte seg, 67 år gamal.
Kva med kjærleiken, undrar eg. – Eg trengte ikkje reisa langt, svarar Astrid, med eit smil om munnen. Arild kom også frå Granvin og han trefte eg allereie i ungdomstida. Saman fekk dei to søner og no har flokken blitt utvida med åtte barneborn og to oldeborn.
Mykje moro på Grindaflethytta
Astrid hadde vore med på ein del turar med Utferdslaget, men det var fyrst i 2010, etter at mannen gjekk bort, at ho byrja å engasjera seg. Fyrst fekk ho spørsmål om å vera turleiar, og ho takka ja til oppdraget. Det har blitt mange turar for både seniorgruppa og sundagsturgruppa. Når ho får spørsmål om favorittfjell, kjem det kjapt og kontant: Nesheimsfjellet!
I 2011 vart ho vald inn i hyttestyret på Grindaflethytta. Ho hadde nett bytt ut eit kne, og var skeptisk til å ta på seg oppgåva med den lange anmarsjen til hytta. Det gjer ikkje noko, det kjem til å gå seg til, fekk ho til svar. Og det gjekk seg til, minnest ho. I hyttestyret har det blitt uttallige turar til hytta, både sumar og vinter.
– Me har kvista løyper, teke inn og ut bruene, vaska og ordna. Men dugnadsarbeid er rett og slett utruleg kjekt, særleg når ein er ein god gjeng, seier Astrid. - Eg er takksam for alle dei gode minna eg har med resten av hyttestyret, legg ho til.
Hjartebarnet
Dei aller fleste som bur på Voss har høyrd om stølsturane til Voss Utferdslag. Dette populære konseptet såg dagens ljos i 2015, og sidan den gong har godt over 100 000 skrive seg inn i bøkene på stølsturane. Det ikkje like mange veit er at Astrid var ein av initiativtakarane til dette prosjektet.
Astrid var på tur med Kristi Haugsgjerd i Granvin i 2014. Dei hadde eit tilsvarande konsept, men her fekk ein berre namn på stølane, ikkje noko meir. Kristi og Astrid vart inspirert av nabokommunen, snakka om alle dei flotte stølane me har i bygda vår, og vart samde om at stølsturar måtte me ha på Voss også!
Hausten 2014 vart det sett ned ei gruppe som skulle jobba med prosjektet. I 2015 kom det fyrste stølsturheftet ut, med skildring og kart over femten varierte og flotte turar.
– Barndomsparadiset mitt, Horgastølen i Middalen, var sjølvsagt med. Eg ville jo at mange skulle få oppleva dette flotte området, seier Astrid.
Folk set pris på det som er nært
Arbeidet som stølsturgruppa legg ned er omfattande og det er mykje dei må tenkja gjennom. Turane skal vera spreidd rundt i heradet, dei skal vera varierte og ikkje for vanskelege. Ein ynskjer at flest mogleg skal koma seg ut og oppdaga flotte perler i nærnaturen vår.
– Dei finaste attendemeldingane eg får frå folk er at med stølsturane får dei oppleva nye stiar og flotte område, som dei aldri elles ville ha gått. Det er kjekt å tenkja på at folk set pris på det som er nært. På naturen vår, dei gamle stølshusa og historia vår, seier Astrid tankefull.
Dugnad er kjekt!
Gruppa som jobbar med stølsturane går også opp turane, kontaktar grunneigarar, skriv turskildringar og tek bilete, merkar stiane, set opp og tek ned postkassene, har tilsyn heile sumaren, lagar statistikk og ordnar trekkepremiar. Lista er lang og alt blir gjort på dugnad! Men Astrid, som har vore med i alle år, har framleis pågangsmot og engasjement.
– Til neste år har me 10-årsjubileum og det må jo markerast, seier Astrid entusiastisk. Eg prøver å lokka ut av henne kva planane er. - Eg vil ikkje røpa for mykje, seier Astrid før ho tek på seg jakka og går vidare til neste dugnadsprosjekt: Kapellankåken.
Eg sit att og tenkjer: For ei dame! Eg må senda ho ein ekstra takk når eg går stølsturane med borna neste sumar. Det vonar eg i grunnen at alle gjer.