Logo
Til DNT.no forside

DNT Hytta Råkeneset

Råkeneset er DNTs vestligste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord om Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.

Publisert: 16. januar 2024
Artikkel

Ytre Sogn Turlag eig og driv den ubetjente DNT hytta Råkeneset på dugnad. 

Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om bruk er den beste form for vern, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset. All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

Hytta er låst med DNTs standardnøkkel og all overnatting må førehandsbestillast på nett (UT.no). Hytta kan kun bestillast som ei eining, og disponerast frå kl 14:00 ankomstdagen til kl 14:00 avreisedag. 
Pris i 2024 er

  • Heile hytta medlem 1000,-
  • Heile hytta ikkje-medlem 1500,-
    Dersom 50% eller mer av reisefølget er medlem, velg medlemspris. Er færre enn 50% medlem, vel ein ikkje-medlem. Er store deler av reisefølget born 12 år eller yngre, velg medlemspris.

Ved besøk på ubetjent hytte ber vi om at sjekklister og oppslag for hygiene og reinhald følgast nøye. Alle gjester skal skrive seg inn i besøksprotokollen ved ankomst. Alle gjester må ha med rein lakenpose ev sengetøy. Du må også ha med kjøkkenhanduk, vaskefille, våtserviettar og søppelposar

 

Sjå meir og bestill hytta på UT

 

Hytter eigd av lokallag i Sogn og Fjordane
Hytter eigd av lokallag i Sogn og Fjordane
DNT hytter i Stølsheimen
DNT hytter i Stølsheimen
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem