Austgulstølsvegen
Velkommen til Austgulstølen - eit historisk stølsområde med nyrestaurert veg
Historie:
Austgulstølen vart etablert på slutten av 1700 talet, og stølsvegen opp Austdalen rundt Vardefjellet var lang og tungvint for folk og fe. Eit særs imponerande stølsvegsanlegg opp Gjelet med 10 mura svingar i stein ovanfor Grønebakken til Høgda vart bygd truleg i tidsrommet 1800-1850 av svenske rallarar eller straffangar.
Det var aktiv stølsdrift på Austgulstølen fram til 1952 med 12 stølar på det meste. Stølsvegen var fram til ca 1970 i god stand, men har etter det gradvis rasa ut og var etter 2000 i dårleg forfatning. I 2020 tok bygdefolket initiativ til rehabilitering av stølsvegen og ved hjelp av spelemidlar og sponsorar vart vegen bygd oppatt somrane 2022 og 2023 av sherpaer tilsett i Stibyggjaren AS. I tillegg er det lagt ned betydeleg dugnadsinnsats av innbyggjarar og hyttefolk i Austgulen.
Austgulstølen er eit flott turmål med fine kvalitetar som: Kort strekning frå fjord til fjell, stongfiske etter fin fjellaure, knutepunkt for fleire flotte fjellturar imellom Austgulen, Brekke, Verklandshøgda, Ynnesdalen, Byrkjeland, og Kjelby (Oppdalsøyra).
Om stien:
Stien er godt merkt med DNT sine raude T-ar og er solid og god. Den startar med jamn stigning opp Gjelet til Grønebakken som er eit bratt parti før ein når dei rehabiliterte svingane som er gode å gå i opp til Høgda. Denne delen av stølsvegen går i eit dalføre som er lite verutsett. Frå Høgda og over Vindskaret til nedstiginga til Austgulstølen går den merka stien i ope fjellterreng som er utsett for vind og regn. Siste del av turen ned stølslia går på fin sti i fjellbjørkeskog som skjermar godt mot både sterk sol, vind og regn.
Merk:
Det er naudsynt med solide (fjell)joggesko eller fjellstøvlar. Turen ned frå høgda til Austgulen er krevjande for kne og lår, og stavar vil her vere til god nytte. Stølsvegen er vinterstengt grunna fare for snøskred.
Sjå Bilete frå nyopninga: