Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Gratis lån av turutstyr

Som DNT medlem kan du låne turutstyr gratis hjå oss

Publisert: 18. august 2023
Skrevet av: Hege Mundal
Artikkel

IST har ein del utstyr på lageret vårt i Førde (Langebruvegen 9) som er til utlån gratis for medlemmer. 

Vi har truger, isøkser, stegjern og selar for brevandring, hjelm og tau.
Vi har også slyngjer for Via Ferrata. Det er også ein del klatreutstyr .

Kontoret er vinteren 2025 ope for besøkande tysdagar og onsdagar 11- 15.30. Stengt i påsken. Utlån utover opningstid kan avtalast i god tid på e-post indresunnfjord@dnt.no, tilsett er ikkje til stades kvar dag. 

Medlemmer har første rett til lån av utstyr.Vi leiger ikkje ut til kommersielle føremål. Utlån til ikkje-meldem skal betalast via VIPPS 88239 til Indre Sunnfjord Turlag, skriv kva du låner. Det kan hende at turlaget treng utstyr på turane sine, dette vil ha prioritet framfor utlån.

ALLE skal registrere utlån på skjema som ligg på utstyrsrommet!
Hugs å kvittere for å levere tilbake.

Prisar for lån av utstyr ikkje-medlem

  • Via Ferrata slynge    75,-
  • Hjelm                       50,-
  • Sittesele                   50,-
  • Stegjern                   75,-
  • Isøks                        75,-
  • Kroppsele                50,-
  • Karabiner                 20,-
  • Truger                      100,-

Treng du anna turutstyr som klede, sovepose, stormkjøkken, liggjeunderlag, hengekøye, ski o.l.? Sjå kva du kan låne hjå BUA Sunnfjord

Vi får stadig spørsmål om kajakk og randoneeutstyr, dette har vi diverre ikkje - men sjå gjerne oversikt frå andre lokallag & bruk DNT-tilbod på tvers av trivselsfylket! 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem