Logo
Til DNT.no forside

Gratis lån av kanoar i Sunnfjord

Som medlem i Indre Sunnfjord Turlag kan du nytte kanoane våre gratis.

Publisert: 18. august 2023
Skrevet av: Hege Mundal
Artikkel

Indre Sunnfjord Turlag har kanoar ein kan låne gratis som medlem. Fleire er låst med DNT-nøkkel som du får på turlagskontoret eller Sport 1 Elvetorget (100kr). Det er ikkje mogleg å reservere tid for bruk, her er det første mann til mølla. Vår erfaring er at det ikkje er rift om utlånet.

Reglar for bruk:
👉Det er krav om symjekompetanse & bruk av redningsvest.  Ta med eigen redningsvest (med mindre anna er spesifisert i teksten). 
👉 All ferdsel på eige ansvar. Om ein ikkje har våttkort bør ein halde seg så nærme land at ein kan symje dersom uhell skulle skje. Det skal vere minst ein person over 16 år.
👉Kanoutlånet byggjer på tillit, og vi ber om at kanoane og utstyret vert behandla med omsorg. Alt arbeidet med vedlikehald av utstyret skjer på dugnad. Viss du ser at noko av utstyret manglar eller er øydelagt, ver venleg å sei i frå til oss på indresunnfjord@dnt.no.  Vi ber spesielt om at du er varsam når du sjøsett kajakken og tek den på land att for å redusere slitasjen. 

Gaular: 

1stk. Lauvavatnet ved Tuftegarden 4H gard, åre og vest får du der. 
1stk. Flatheim - ligg enten ved Myravatnet eller ved "Lona" (flytebrygge). Ta med redningsvest. Kontakt gjerne Heidi Vallestad (992 46 066) før lån. 
1stk Storeneset - låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest. Kontakt gjerne Frank Hoff Hana ved spørsmål tlf; 992 84 363


Førde/Jølster:

2stk Bekkjavatnet. Desse ligg ved speidarhytta, ved Nordenden av vatnet. Låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest.
1stk ved Digernesvatnet, Sundsdalen. Låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest.
1 stk ved Svidalsneset, ved 4H hytta. Låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest.

Naustdal: 

2stk ved Vonavatnet. Årer og redningsvest i skur. 
2stk kanoar og 2 stk SUP-brett ved Sanden i Naustdal sentrum. Årer og renidngsvest i skur. Låst med DNT-nøkkel. 


Askvoll/Hellesetvatnet:

Når ein kjem  609 frå Førde (om Stongfjorden) mot Holmedal er det avkjørsel til høgre like før autovern startar rett før bakken over Skaret startar. Når ein kjem 609 frå Dale tek ein avkjørsel til venstre rett etter 60 sona sluttar før Helleset på veg mot Askvoll. Parker på avkjørsel ved vegen. Følg skogsvegen ca 200 meter. Ved Hellesetvatnet ligg det 2 kanoar til venstre for vegen. Dei ved Hellesetvatnet er låste med hengelås med kode. Ta kontakt med Anne Grete Lien (909 88 542) om du ynskjer å låne desse.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem