
Gratis lån av turutstyr
Som DNT medlem kan du låne utvald turutstyr gratis hjå oss
Skrevet av: Hege Mundal
Indre Sunnfjord Turlag låner ut utvald bre- og klatreutstyr til DNT-medlemmer på førespurnad. Det kan hende at turlaget treng utstyr på turane sine, dette vil ha prioritet framfor utlån. Pga flytting til nytt lager og innkjøp av nytt utstyr er det ikkje mogleg å låne utstyr april - mai 2025.
Medlemer av DNT får låne utvalgt fjellsportsutstyr gratis. DNT medlemer kan ha med seg personar som ikkje er medlemer og som også treng utstyr. Desse skal betale for leige av utstyr etter gitte prisar på VIPPS 88239 . Vi leiger vanlegvis ikkje ut til kommersielle føremål eller personar som ikkje er medlem av DNT.
- Via Ferrata slynge 75,
- Hjelm 50,-
- Sittesele 50,-
- Stegjern 75,-
- Isøks 75,-
- Kroppsele 50,-
- Karabiner 20,-
- Truger 100,-
ALLE skal kvittere utlån og innlevering på skjema som ligg på utstyrsrommet, med dette godtar du også VILKÅR:
Ved å ta i bruk utstyr frå turlaget stadfestar eg at eg:
- Har nødvendig kompetanse til å bruke utstyret på ein trygg og forsvarleg måte.
- Dersom eg er usikker på bruk eller tilstand til utstyret, pliktar eg å rådføre meg med turleiar eller ansvarleg person før bruk.
- Har gjort ein visuell og funksjonell kontroll av utstyret før bruk.
- Eg skal sjekke at tau, slynger, karabinere, hjelmer og anna utstyr er utan synlege skadar eller teikn på svekking.
- Rapporterer og tek ansvar for skade eller feil bruk.
- Dersom eg oppdagar skade, feil eller slitasje under eller etter bruk, pliktar eg å rapportere dette straks til ansvarleg for utstyr.
- Eg tek ansvar for å bruke utstyret på ein forsvarleg måte og er klar over at feil bruk kan føre til skade på utstyr eller personar.
- Brukar utstyret i tråd med føremålet og gjeldande instruksar.
- Eg skal berre bruke utstyret til det føremålet det er laga for, og følgje produsenten sine retningslinjer og instruksar frå turleiar eller ansvarleg for utstyr.
- Eg skal ikkje endre eller modifisere utstyret.
- Tørkar og reinsar utstyret etter bruk.
- Utstyret skal tørkast på ein skånsam måte (ikkje direkte sollys eller varme) for å hindre svekking av materiale.
- Metallutstyr (karabinere, isskruer, stegjern osv.) skal reinsast og tørkast for å unngå rust og korrosjon.
- Tau og slynger skal tørkast i romtemperatur, utan bruk av kunstig varme.
- Kvitterer ut og inn utstyret og oppbevarer det forsvarleg etter bruk.
- Utstyret skal kvitterast ut og inn på eige skjema.
- Utstyret skal leverast tilbake på avtalt stad i turt og reint tilstand.
- Eg skal ikkje la utstyr bli liggande i fuktige eller skitne omgjevnader.
Treng du anna turutstyr som klede, sovepose, stormkjøkken, liggjeunderlag, hengekøye, ski o.l.?
Sjå kva du kan låne gratis hjå BUA Sunnfjord, BUA Askvoll eller BUA Fjaler.
Vi minner også om at vi har kanoar til fri bruk for våre medlemmer spreidd rundt i vårt dekningsområde.
Vi får stadig spørsmål om kajakk og randoneeutstyr, dette har vi diverre ikkje - men sjå gjerne oversikt frå andre lokallag & bruk DNT-tilbod på tvers av trivselsfylket!
Se også

