Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Har gjennomført 300 dugnadstimar på stien til Nordheia i haust!

Sti- og merkenemda i Indre Sunnfjord Turlag har teke på seg å leggje om og ruste opp stien til det populære turmålet Nordre heia. Første dugnad vart gjennomført 2.september.2023 og 26.oktober 2024 vart vegen offisielt opna. Det er lagt ned over 600 dugnadstimar så langt!

Publisert: 12. desember 2024
Skrevet av: Hege Mundal
Artikkel

Er det ein solskinsdag kan du sjå at det er fullt på parkeringsplassen utanfor Nordheiatunnelen. Nordre Heia er eit populært og lett tilgjengeleg turmål for alle aldrar. Å ruste opp stien er eit ypperleg folkehelsetiltak som kan bidra til at fleire kjem seg ut og får oppleve den flotte naturen vår.

Indre Sunnfjord Turlag, med Kjell Arne Hjellbrekke i spissen, starta i 2023 arbeidet med omlegging og opprusting av den om lag to kilometer lange stien.
I løpet av to år har 18 personar bidrege med over 600 dugnadstimar, nokon møter kvar gong - andre av og til.

Stien har tidlegare våre svært blaut, og med mange turgåarar såg ein slitasje på naturen utover det som er normalt. Dugnadsgjengen har rydda skog, grøfta, lagt ut steinheller, laga trebruer og grusa.  

Sjølv om Indre Sunnfjord Turlag har stått for dugnaden og framover vil stå for vedlikehaldet er dette prosjektet eit resultat av godt samarbeid mellom oss, grunneigarane v/Ståle Haugen og Sunnfjord kommune.  Det vart løyvd 40 000 frå Sparebankstiftinga og 215 000 i spelemidlar av Vestland fylkeskommune for å reise anlegget!

Partiet der ein går inn på stien. Før (Kjell Arne Hjellbrekke) & Etter (Ingebjørg Erikstad)

Av hensyn til frost og snø vert det no pause i arbeidet, om lag halvvegs i prosessen. Arbeidet med stien kjem til å starte opp att når snøen er vekke til våren, og dugnadsleiar Hjellbrekke håpar at snora offisielt vert klypt før skuleferien neste år.
Vi har sett mykje folk som går i terrenget - og vi har fått mange positive tilbakemeldingar på sosiale media. Folk er takksame for jobben som vert lagt ned, og vi i Indre Sunnfjord Turlag er takksame for dei som stiller på dugnad! Ein kan allereie sjå at den nye stien er mykje brukt, det er godt nedtrakka der ein ikkje har gjort tiltak. 

Grunneigarane har vore viktige i prosessen med både planlegging og utføring. I  tillegg har vi godt samarbeid med Sunnfjord Kommune, som mellom anna står som spelemiddelsøkjar. Namnet "Nordheia" kan også diskuterast. På kartet står det Nordre Heia ved varden og Djupeviknipa frampå utsiktspunktet - kva som vert ståande på skiltet til slutt vert spenande å sjå.

Sjå fleire bilete nedst i artikkelen og God Tur!

Turbeskrivelse på UT

Foto; Karoline Orheim

Ta turen til Nordheia du også!
Ta turen til Nordheia du også!

Foto frå dugnadane; Ingebjørg Erikstad & Kjell Arne Hjellbrekke

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem