Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Stiprosjekt Nordre Heia

Indre Sunnfjord Turlag har sidan 2023 arbeidd med å leggje om og ruste opp stien til det populære turmålet Nordre Heia. Omlegginga og dei største tiltaka vart offisielt opna hausten 2024, men sidan den gong har trafikken auka og arbeidet held fram med jamleg vedlikehald.

Published: February 01, 2026
Written by: Hege Mundal
Article

Er det ein solskinsdag kan du sjå at det er fullt på parkeringsplassen utanfor Nordheiatunnelen, men også på gråvêrsdagar er du nesten garantert å møte folk.

Nordre Heia er eit populært og lett tilgjengeleg turmål for alle aldrar, med godt besøk året rundt – uansett vêr. Å ruste opp stien har vist seg å vere eit ypperleg folkehelsetiltak som bidreg til at fleire kjem seg ut og får oppleve den flotte naturen vår.

Indre Sunnfjord Turlag, med Kjell Arne Hjellbrekke i spissen, starta i 2023 arbeidet med omlegging og opprusting av den om lag to kilometer lange stien.
I løpet av dei to første åra bidrog 18 personar med over 600 dugnadstimar – nokon møtte kvar gong, andre meir sporadisk.

Stien var tidlegare prega av mykje fukt og slitasje, og med auka trafikk vart påverknaden på naturen større enn ønskjeleg. Dugnadsgjengen har rydda skog, grøfta, lagt steinheller, bygd trebruer og grusa der det har vore behov.

Sjølv om Indre Sunnfjord Turlag har stått for dugnadsarbeidet, og framleis tek ansvar for vedlikehaldet, er prosjektet eit resultat av godt samarbeid med grunneigarane v/Ståle Haugen og Sunnfjord kommune. Det vart i første omgang løyvd 40 000 kroner frå Sparebankstiftinga og 215 000 kroner i spelemidlar frå Vestland fylkeskommune.

Etter opninga har trafikken halde fram med å auke, og det vart i 2025 behov for fleire tiltak. Då kom det òg på plass avtale om utbetringar vidare frå Nordre Heia i retning Djupeviknipa.

Arbeidet stoppar ikkje med dette. Stien krev jamnleg vedlikehald, og i dag er det tre faste som følgjer opp og gjer ein stor innsats gjennom året. Totalt anslår vi at det er lagt ned nær eit heilt årsverk i dugnad sidan oppstarten.

For å sikre vidare vedlikehald er det oppretta eit eige Vipps-nummer #52809. Her kan alle som ønskjer bidra til at stien held fram med å vere eit godt og trygt tilbod for alle.

Partiet der ein går inn på stien. Før (Kjell Arne Hjellbrekke) & Etter (Ingebjørg Erikstad)

Vi ser tydeleg at stien er mykje brukt, og tilbakemeldingane har vore svært positive. Folk er takksame for arbeidet som vert lagt ned – og vi i Indre Sunnfjord Turlag er takksame for alle som stiller opp på dugnad.

Grunneigarane har vore sentrale gjennom heile prosessen, både i planlegging og gjennomføring. I tillegg har vi hatt godt samarbeid med Sunnfjord kommune, som mellom anna har stått som spelemiddelsøkjar.

Namnet "Nordheia" skapar framleis litt diskusjon. På kartet finn du både Nordre Heia ved varden og Djupeviknipa ved utsiktspunktet – kva som vert ståande på skilta og kva som vert folkemunne til slutt, får tida vise.

Sjå fleire bilete frå dugnaden nedst i artikkelen – og god tur!

Ta turen til Nordre Heia du også!

Foto frå dugnadane; Ingebjørg Erikstad & Kjell Arne Hjellbrekke

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member