Bli med Indre Sunnfjord Turlag på tur
Indre Sunnfjord Turlag dekkjer område frå Alden vest i havet til Jostedalsbreen i aust. Dette pregar også turprogrammet vårt med turar ved kysten, og på høgfjellet! Her får du oversikt over aktivitetskalendaren vår! Kanskje finn du noko nytt og spennande? Det er sosialt og kjekt å gå på tur i fellesskap! Velkomne på tur med Indre Sunnfjord Turlag :)
Skrevet av: Hege Mundal
Vi har eit variert og kjekt turprogram. I menyen under kan du enkelt sjå alle turane vi har planlagt for året. Nokre nye kan komme til, og nokre kan bli avlyst. Bruk filtreringane for å finne aktivitetane som passar best for deg.
Trykk på "Vis alle i DNTs aktivitetskalender" for å sjå alle turane.
Aktivitetskalendar Indre Sunnfjord Turlag
Korleis veit eg kva turar som passar for meg?
Les turbeskrivinga godt. Ved hjelp av ei god turbeskriving skal du kunne ta stilling til kva som krevst av deg. Dersom turen krev eige utstyr du ikkje har, sjå om det kan lånast på BUA Sunnfjord (t.d. sekk, fjellsko, sovepose).
Sjå temasida vår "Turar og aktivitetar" for fleire artiklar knytt til våre ulike aktivitetstilbod og turgrupper.
Alle som går på tur med DNT går på eige ansvar.
Sjå DNT's generelle vilkår for deltaking