Logo
Til DNT.no forside

TiTur Sunnfjord 2024

Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Sunnfjord. Turmåla er fordelt i heile kommunen, frå breane i aust til fjøresteinane i vest.

Publisert: 08. september 2023
Skrevet av: Hege Mundal
DNTs tilbud

TiTur Sunnfjord går frå perioden 1. april til 31. oktober. 
Ved å samle og registrere 10 turmål i Sunnfjord Kommune kan du
V I N N E   P R E M I A R. Det er gratis for alle å delta på TiTur!

Gjennomføring kan gjerast på ein av to måtar; 

  • Last ned TURKORTET 2024. Besøk turmåla og fyll ut skjema. Utfylt skjema kan sendast inn på e-post til indresunnfjord@dnt.no eller avtal ein visitt på kontoret i Langebruvegen 9.  Frist for innlevering 10.november.
  • Bruk lista på appen "UT.no".  Søk på TiTur Sunnfjord 2024, her får du opp ei liste du skal følgje. "Sjekk inn" på appen når du når innsjekkingspunkta. (Når du har følgt lista finn du den att under huskelister -> lister jeg følger"). Lista er aktiv 1.april - 31.oktober.

I 2024 har vi plukka ut 10 turar der nokre har valfritt turmål. Det er dermed mogleg for 13 innsjekkingar for dei som vil gå meir. 

Årets turar er:
Svistølen
, opptur s.52
Nordheia og/eller Djupeviknipa, opptur s.136
Skaraly og/eller Litjehesten, opptur s. 294
Smådalsnipa, opptur s.56
Skogstadfjellet frå Grimeland ev frå Hjellbrekke, opptur s.146
Venevassegga, opptur s.182
Middagsfjellet, opptur s.212
Brendeheiknappen og/eller Massbu, opptur s.280
Flugestøylen, opptur s.202
Varden, midt i Sunnfjord

(Detaljerte turbeskrivelser i Opptur Indre Sunnfjordboka, eller på nett i UT appen)

Premiar

  • Tre gåvekort gitt av Erdal Sport à kr 1000,- blir trekt blant alle som har fullført og besøkt 10 turmål (5 av 10 for born fødd i 2017 eller seinare, hugs å føre fødselsår på kortet).
  • Eit gåvekort à kr 1000,- vert trekt blant dei som merkar turbilde på Instagram med #istitur24 (hugs open profil), også dette gitt av Erdal Sport.
  • Deltakarpremie til alle aktive DNT-medlem. Born til og med året dei fyller sju år får deltakarpremie for fem turar. I år er premien turbokopp for dei minste og flotte DNT-ullsokkar for alle over 10år (strl 35-47).

 

 

Slik registrerer du turane
Turmål kan registrerast digitalt i appen UT frå DNT, med eller utan selfie.
Du kan òg notere dato for besøkt turmål i turkortet. Born og andre som ikkje kan eller vil bruke UT-appen, leverer berre turkortet. 
Turkortet kan du laste ned og skrive ut frå sida til turlaget.
Turkortet leverer du på turlagskontoret eller sender inn på e-post indresunnfjord@dnt.no. Frist for innlevering 10.november.

1.april- 31.oktober er god tid, så fordel turane ut over heile sesongen og gjer trygge vegval. For å kome i gang med turmåla kan du også bli med oss på utvalde ettermiddagsturar


Naturen er ein del av vår felles identitet, og vi håpar du får nye impulsar og flotte naturopplevingar. Tagg oss gjerne i sosiale media @indresunnfjordturlag #istitur2024

Meir informasjon om korleis du nyttar UT appen finn du her (hjelp.ut.no)

Gåvekort er sponsa av vår samarbeidspartnar Intersport Erdal Sport. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem