Logo
Til DNT.no forside

TiTur Dalsfjorden 2024

Publisert: 08. september 2023
Skrevet av: Hege Mundal
DNTs tilbud

Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Dalsfjorden. TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler.

Fom 1. mai t.o.m. 1. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

I 2024 har vi valgt ut desse turmåla:

Fjaler:
Vidsyn
Pollaneset
Fredensborg
Høgevarden
Havreheia

Askvoll:
Atløynipa
Olsetåsen
Furefjellet
Tingstusteinen
Liset/Nigardstølen

Premiering:
Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du vert då med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner.
I tillegg trekk vi eit gåvekort blant instagrambilete som er lagt ut med emneknaggen #titurdalsfjorden24 (hugs åpen profil)

Registrering:

Det vil vere raude postkassar med bøker du kan skrive deg inn i på toppane. Du kan og registrere deg ved å trykke "sjekkUT" i UT appen.
Alle som fullfører skal fylle ut og levere TURKORTET. Du kan laste ned og printe ut eller hente ut fysisk på Sport Dale. 

Vi oppmodar om at du nyttar appen til www.ut.no for å sjå turane og registrere deg på sjølve toppen. Følg lista her eller søk TiTur Dalsfjorden 2024. "Sjekk inn" på appen når du når innsjekkingspunkta. (Når du har følgt lista finn du den att under huskelister -> lister jeg følger"). Lista er aktiv 1.mai - 1.oktober.

For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år: Må gå 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta til turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Følg gjerne TiTur Dalsfjorden på Facebook

Turkortet (last ned her) må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2024. Deltakarpremiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.

Spørsmål kan rettast til 
John Lien på tlf. 918 61 083.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem