Logo
Til DNT.no forside

Nytt i 2024: Turbotrim i Askvoll, Fjaler og Førde

I 2024 kan du bli med på Turbotrim - eit nytt tilbod gjennom Barnas Turlag! Turbotrim er eit tilbod lokalt i Askvoll og Førde, over sommaren kjem ein også til Fjaler!

Publisert: 16. april 2024
Artikkel

I år prøver vi oss med Turbotrim. Barnas Turlag set ut og flyttar ei raud Turbopostkasse til eit nytt, barnevenleg turmål kvar mnd. 
I postkassen ligg ei bok som barna skriv seg inn i med fullt navn, telefonnummer og alder. Alder er viktig for å skilje barn frå vaksne. 
Kvar månad trekk vi fine premiar blant deltakarane som er medlem i DNT. Vi publiserer vinnarane på facebooksida til Barnas Turlag Førde , Barnas Turlag Askvoll eller Barnas Turlag Fjaler alt etter kvar du bur.
Premiane må hentast.

Turmål i Førde:

April: I gapahuken på dagsturhytta Gytta (t.om.27.april)
Mai: Halbrendstølen
Juni: Legestøylen
Juli: Hunsrasta
Informasjon om hausten kjem.

Turmål i Askvoll: 

Frå 1.juli: Dørhelleåsen i Askvoll
Frå 1.august: tyskarhytta på Atløy
Frå 1.september: Gjørøylykta på Bulandet

Turmål i Fjaler
avventar oppstart

Ved innmelding i DNT vil du automatisk tilhøyre Indre Sunnfjord Turlag dersom du har postadressa di i Sunnfjord, Askvoll eller Fjaler kommunar. Medlemskap for barn kostar 145 kr/år, ein har også t.d.familiemedlemskap. Sjå dnt.no/medlem

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem