Bli med på Fellesturar - helger og feriar med Indre Sunnfjord Turlag!
Indre Sunnfjord Turlag har varierte heildags- og helgeturar gjennom året.
Skrevet av: Hege Mundal
Vi prøver å ha eit attraktivt turtilbod store delar av året. Om vinteren finn du både trugetur, fjellskitur og randonee (eller ein kombinasjon av desse) i kalendaren. Frå april til september er det høgsesong for fotturar nært og kjært, men også gjerne utanfor vårt område.
Våre dyktige turleiarar tek deg med på både kjende, og mindre kjende turmål.
Du har kanskje høyrt om nokon av klassikarane? Årdal - Nes på ski, topptur på Grovabreen, Langs veglause strender, Øyane over, Lunde - Fjærland eller 7-fjellstur i Askvoll og Førde?
Felles for turane er at ein skal ha det kjekt i fellesskap og skape gode naturopplevingar saman. Turane varierar i lengd og vanskegrad. Les turbeskrivinga godt slik at du er trygg på kva som krevst. Vi prøver å ha flest mogleg gratistilbod, men turar som krev ekstra tilrettelegging har gjerne ei deltakaravgift.