Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Helgeturar og fjellsport

Opplev fjell, bre og nye turmål saman med andre turglade. Her finn du helgeturar og fjellsportaktivitetar i regi av Indre Sunnfjord Turlag.

Published: September 26, 2025
DNT's offer

Indre Sunnfjord Turlag tilbyr eit variert turprogram for vaksne gjennom store delar av året. Turane varierer i lengd, innhald og vanskegrad, og omfattar både helgeturar og fjellsportaktivitetar.

Om vinteren finn du mellom anna trugeturar, fjellskiturar og randoneeturar på programmet. Frå vår til haust er det høgsesong for fotturar, både til kjende turmål i nærmiljøet og til nye opplevingar lenger unna.

Våre dyktige turleiarar tek deg med til både kjende og mindre kjende perler. Kanskje har du høyrt om nokre av klassikarane våre som Årdal-Nes på ski, topptur på Grovabreen, Langs veglause strender, Øyane over, Lunde-Fjærland eller 7-fjellsturane i Askvoll og Førde?

Felles for turane er gode naturopplevingar, meistring og turglede i fellesskap med andre. Turane varierer i lengd, tempo og vanskegrad, så vi oppmodar alle til å lese turbeskrivinga nøye før påmelding.

Vi ønskjer å ha flest mogleg lågterskel- og gratistilbod. Nokre turar krev ekstra tilrettelegging, transport, overnatting eller særskilt kompetanse, og kan derfor ha ein deltakaravgift.

 

 

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig i Indre Sunnfjord Turlag
Bli frivillig i Indre Sunnfjord Turlag
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member