Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Barnas Store Fjæredag 2023, Rotvollfjæra Trondheim

Barnas Turlag Indre Sunnfjord

Publisert: 15. januar 2026
DNTs tilbud

Barnas Turlag Indre Sunnfjord 

Barnas Turlag arrangerer turar og aktivitetar for barn og barnefamiliar, både i nærmiljøet og på fjellet. I Indre Sunnfjord Turlag har vi Barnas Turlag i Førde, Askvoll og Fjaler, som gjennom året inviterer til varierte aktivitetar og naturopplevingar for heile familien. Nokre tilbyr også Turbotrim, som gir barn og familiar ekstra inspirasjon til å utforske nye turmål på eiga hand.

Aktivitetane er svært varierte. Det kan vere fotturar, skiturar, klatring, padling, hovudlyktturar, breturar, påskeeggjakt eller kveldsmat rundt bålet.

Eit av dei største arrangementa våre er Kom deg ut-dagen, DNT sin nasjonale turdag, som blir arrangert første søndag i februar og første søndag i september kvart år.

Barn frå 0 til 12 år kan vere med i Barnas Turlag. Aktivitetane våre er gratis og opne for alle. Du treng ikkje vere medlem for å delta, men vi set stor pris på alle som vel å støtte arbeidet vårt gjennom medlemskap. Barnemedlemskap kostar 155 kroner per år. Foreldre og føresette har ansvar for eigne born på turar og aktivitetar i regi av Barnas Turlag.

Følg Barnas Turlag på facebook

Kommande aktivitetar med Barnas Turlag

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Bli frivillig

Barnas Turlag blir driven av engasjerte frivillige som ønskjer å gi barn og familiar gode opplevingar ute. Du treng ikkje vere turleiar eller friluftsekspert for å bidra. Mange oppgåver kan delast på fleire, og du får støtte frå både andre frivillige og DNT undervegs.

Som frivillig kan du vere med å planleggje og gjennomføre turar, aktivitetar, turbopostar og familiearrangement. Du kan bidra av og til når det passar, eller bli ein del av ei fast frivillig gruppe.

Har du lyst til å vere med i eit av Barnas Turlaga våre i Førde, Askvoll eller Fjaler? Ta gjerne kontakt på indresunnfjord@dnt.no. Vi sørgjer for at førespurnaden kjem vidare til rett gruppe, og terskelen for å ta kontakt skal vere låg.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Indre Sunnfjord Turlag
Bli frivillig i Indre Sunnfjord Turlag
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem
Turbotrim med Barnas Turlag
Turbotrim med Barnas Turlag
DNT for barn
DNT for barn