Sjekk inn med sjekkUT - 20 nye skilt på plass!
Skrevet av: Hege Mundal
Indre Sunnfjord Turlag (IST) er i år med som SjekkUT‑pilot i samarbeid med UT-administrasjonen og turpartnar Norsk Tipping. Med støtte frå Norsk Tipping har målet vore å gjere SjekkUT meir synleg og få fleire ut på tur i nærmiljøet.
Prosjektet omfattar både digital registrering av turmål, fysisk merking og marknadsføring. Dei siste åra har vi lagt inn mange nye turar og SjekkUT‑punkt i UT, og i vårt område finn du no over 600 turmål digitalt.
Nytt i 2026 er at vi også har starta med fysisk merking. I Askvoll, Fjaler og Sunnfjord har vi i vår sett opp 20 skilt på utvalde nærturar. Skilta er små og diskrete, og er monterte på eksisterande bygningar eller stoplar.
Gjennom satsinga ønskjer DNT, saman med Norsk Tipping, å gjere det enklare å finne gode turopplevingar der folk bur. På tvers av ulike organisasjonar som merkar og vedlikeheld stiane, skal du finne enkel og gratis informasjon i UT om kvar du kan gå og kvar du kan parkere.
UT‑appen har òg fått fleire oppgraderingar i 2026. Det er både nytt utsjånad og utvida kartfunksjonalitet. Det skal vere endå enklare å halde oversikt og finne nye turmål. Mellom anna kan du no også spore eigne turar direkte i appen.👉 Les meir om kva som er nytt i UT appen og bruk av sjekk UT.
Vi håpar at endå fleire vil ta i bruk SjekkUT og UT, og bli inspirerte til gode naturopplevingar i nærmiljøet.
Desse turmåla har fått fysiske skilt med støtte frå Norsk Tipping
Eigne hytter
Massbu
Nipebu
Barnas Turlag sin Gapahuk i Askdalen
Dagsturhyttene:
Fjellro, Jølster
Gapahuken ved Gytta, Førde
Skaraly, Gaular
Steinkorsen, Naustdal
Haugaro, Viksdalen
Vidsyn, Fjaler
Nykshytta, Askvoll
Andre Turmål
Andre enkle, familievenlege turmål:
Kletten, Haugum i Førde
Torset, Fjaler
Tirsnova, Fjaler
Torvevatnet, Fjaler
Svistølen, Naustdal
Langeneset, Bekkjavatnet i Førde
Nordre Heia, Førde
Andre middels - krevjande turmål:
Gygra, Jølster
Førdsnipa, Førde
Eikåsnipa, Førde
Turskildring dagsturhyttene
Familieturar
Visste du at Indre Sunnfjord Turlag nyttar sjekk UT i samband med turtrimkonkurransene TiTur Dalsfjorden og TiTur Sunnfjord? Her får du årlige tips til nye turmål å utforske.
Se også