Fjellskitur til Longevasshytta
Skitur til Longevasshytta? Longevasshytta ligg idyllisk til i Naustdal - Gjengedal naturvernområde. Isen har frose på vatna og landskapet verkar urørt. Hytta er klargjort for vinterbesøk og har mykje ledig kapasitet.
Eit vinterbesøk på Longevasshytta kan riktignok innebere at du må spa deg fram til inngangsdøra, fyre godt og smelte snø til vatn på komfyren.
Når du har fått god lunk i hytta, og kaffien er kokt er det berre å: N Y T E
Der er både ved, gass, proviant og oppreidde sengeplassar - ta med deg lakenpose, kart & kompass og gode kle, så har du det du treng!
Det er ikkje dekning ved hytta - kanskje er ei mobilfritt avbrekk akkurat det du treng? Vi kan love gode naturopplevingar og koslege stunder foran peisen med kortstokken.
Det er vanlegast tilkomst frå Årdal i Jølster, her tek ein vel 600moh stigning frå Legestøylen - Stigvatnet. Vi gjer merksam på at ein må undersøke rasfaren i dette partiet, sjekk varsam eller høyr med lokale. Eit lengre, men snillare alternativ kan vere frå Nes i Naustdal. På begge rutevala går du over islagde vatn i eit fantastisk landskap.
Hytta er eit ypperleg flott turmål på fjellski.
Ta ein spontan skitur i finværet, eller book opphald til helga eller påskeferien.
Du finn meir informasjon om hytta og booking på UT.no
Og du? Dersom du ynskjer å besøke hytta, men ikkje er trygg på å gå aleine er du hjartleg velkommen til fellestur med Indre Sunnfjord Turlag.
Årdal - Nes
Her frå skitur Årdal- Nes palmesundag 2023. Foto; Hege Mundal
Hyttebesøket fra A til Å
De fleste av hyttene til DNT er selvbetjente (med proviant) og ubetjente hytter (uten proviant). Her ser du hvordan du bruker disse hyttene.
Les videre