Logo
Til DNT.no forside

Turtrimmen 2023

Publisert: 27. oktober 2023
Artikkel

På tur med Flora Turlag - turtrimmen 2023


Turtrimmen 2023 skal motivere til turgåing og gode naturopplevingar.
Turpostane er spredt rundt i heile gamle «Flora kommune» og tilliggande kyst- og fjellområde. Turtrimmen er over for i år. 


Oppsummering 2023
Mange har vore med, og de har gjort ein kjempeinnsats. Her finn de oversikt over året: 2023 Turtrimmen - resultat (1).xlsx. Premieringa kjem i forkant av årsmøte. Men, vi kan gratulere Jofrid Sundal med å ha besøkt 149 steder av 172, og Ove Hatleset med 114 steder av 172. I tillegg har Jofrid 500 innsjekk, etterfulgt av Torbjørn Nilsen med 466. Godt jobba!


Om turtrimmen

Det er 25 turpostar med ulik vanskegrad, 5 av turpostane er lettare turar og passar som familie/bornturar.  

Registrer turposten ved å sjekk inn på: ut.no, DNT si digitale turbok. Du kan bruke både nettsida og appen (gamle SjekkUT er ein del av denne). Nokre av turpostane har vert brukt tidlegare og du kan ha besøkt dei. Du må registrere besøket på nytt i tidsrommet for Turtrimmen 2023 for å bli registrert i statistikken vår.

Ønsker du å bruke skjema eller ikkje får sjekka inn på ut.no kan skjemaet levarast inn på e-post til Flora Turlag:  floraturlag@gmail.com. Noter namn, e-post, mobilnummer, alder på born og dato før du sender det inn. 

Premiering

  • Born under 12 år er med i trekninga av premiar ved å ha teke 6 postar.
  • Vaksne er med i trekningen av gåvepremiar ved å ha teke minimum 12 postar.
  • Det vert også premiar til dei som har tatt alle 25 turpostane samt trekking av premiar blant dei som har tatt 12-24 turpostar.


Registreringsskjema og innlevering

  • Du kan registrere dine turar ved å bruke DNT si digitale turbok "ut.no" - både som app og nettside.
  • Ønsker du å bruke registreringsskjema, finn du det: Skjema 2023 
  • Registreringsperioden er frå januar til og med oktober 2023
  • Frist for innlevering av registreringsskjema er 31. oktober 2023

Om turane

  • Oppgjeve turtid er gangtid – så legg til tid for pausar. For spørsmål om turane kontakt Astrid Eliassen (tlf 415 49 299​​​​​​​).
  • Turbeskrivingar kan ein finne på Flora Turlag si gruppe på ut.no.  Disse kan du laste ned offline, og slik blir dei lett tilgjengeleg på din mobil med eller utan dekning.
  • Turområda finn ein på følgande kartblad i 1: 50 000 kartserien: Norges-serien Nordeca 10061 Florø og 10062 Ålforbreen dekker omtrent heile vårt turområde.
  • Ønsker du å gå saman med andre, kan du bli med på turlaget sine fellesturar.
  • Ferdeselsrett og ferdselsvett fylgjer hand i hand - meir om allemannsretten og friluftslova finn du på http://www.dirnat.no/
  • Planlegg  turen før du legg i veg og velg tur etter evne og forhold.
  • Fjellvettreglane er alltid aktuelle: https://www.dnt.no/fjellvett/ 


Årets turmål

  • Kinn – DNT hytta
  • Familie/born Eikefjord/Knappstad – Øyraskora 239 moh
  • Familie/born Langedal/Ramsdalsheia – Velumstøylen 416 moh
  • Familie/born Langedal/Ramsdalsheia – Høgenipa 570 moh
  • Familie/born Høydalane/Stavang/Standal – Skaranipa 200 moh
  • Familie/born Steindal/Svardal – Steindalsstøylen 474 moh
  • Familie/born Kinn – Høyskaret 78 moh
  • Svanøy – Austneståna 2 moh
  • Svanøy – Gruver 23 moh
  • Grytadalen – Terdalskeipen 738 moh
  • Norddalsfjord – Plassen 361 moh
  • Norddalsfjord – Blåsteinen 269 moh
  • Norddalsfjord – Frishatten 265 moh
  • Eikefjord/Knappstad – Vardalsnakken 562 moh
  • Eikefjord/Knappstad – Urrabben 310 moh
  • Eikefjord Parkering – Skreene 719 moh
  • Hatleset/Tonheim – Ytre Strandastølen 439 moh
  • Hatleset/T onheim – Middagsnipa 529 moh
  • Steindalen/Svardal – Fagernipa 685 moh
  • Steindalen/Svardal – Dyrdalen 580 moh
  • Lykkjebøen/Løkkebø – Djupedalsnipa 948 moh
  • Høydalane/Stavang/Standal – Simavatnet 615 moh
  • Høydalane/Stavang/Standal – Storenipa 629 moh
  • Langedal/Ramsdalsheia – Endestadnipa 761 moh
  • Langedal/Ramsdalsheia – «Fram på Nipa» Endestadnipa 742 moh


Ha ei riktig så fin tur!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem