Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Nyhende

Vellukka Suldal-tur 28-31. 08.2023

Stord/Fitjar turlag kan påny notera seg for ein vellukka fellestur. Det kan over 30 seniorar slå fast etter fire flotte dagar i Suldal,  eminent leia av  Anne Eldøy og Birger Taranger.

Publisert: 07. september 2023
Skrevet av: Odd Stuve Rommetveit
Turreferat
Frå avslutninga på hytta til Knut Vika som sit i terrasseinngangen og ser fornøgd ut. Takk for jobben som kjentmann og spelemann, Knut. Foto:


Langstrakte Suldal, med knappe 4000 innbyggjarar, ligg berre tre timars kjøretur frå Stord. Likevel var det eit nytt område for storparten av fylgjet. Den innerste delen av kommunen, med Nesflaten som bygdesenter, var ukjent for dei fleste. Her fekk me mat, seng og rikeleg turenergi på Energihotellet - ein flott oppgradert kraftutbyggingsrigg frå 60-talet. Kraft og energi var ikkje uventa eit gjennomgåande tema.  Nesflaten, og eigentleg heile Suldal, er i eliteklassen når det gjeld produksjon av rein energi.  

Fellesturar får alltid eit godt løft når lokale kjelder vert bedne om å vera med. Så også denne gong. Kolbein Bakka og Jakob Roalkvam losa oss kvar sin dag gjennom for dei kjente fjellområde, frå Bleskestad og oppover/austover mot DNT-hyttene Bleskestadmoen og Kvanndalen. Ikkje uventa delte Kolbein og Jakob også soger og segner frå farne tider.  Også historiske fakta om ferdsel mellom aust og vest, med kultur og handel, kunne dei mykje om. Slikt kulturelt krydder gjer turane ekstra minnerike.

Turfylgjet bar også fram stor takk til Jarle Tveit etter vitjinga på Byrkjenes. Det er ein fjellgard på nordsida - om lag midtveges - på det langstrakte Suldalsvatnet.  Med stor innleving fortalde han gardssoga heilt frå 1600-talet. I alt 16 bygningar, kvar med sin funksjon, er på imponerande vis restaurerte.  Olavsrosa og Rogaland sin fylkeskulturpris er dei beste prov på det.  Omvisinga vart etterfølgt av ein tur i heiane ovom fjellgarden. Mykje av vinterforet til dyra vart henta der.  Beint fram imponerande og minnerik oppleving for turfylgjet frå Stord.

Ein avsluttande rundtur i heiane ved Gullingen gjorde denne fellesturen til ei ny tur-suksess.  I flottaste seinsommarver var vår eigen Knut Vika lokal kjentmann. Han kunne både soger, stiar og namn frå dette - for dei fleste - noko nærare turområdet.

Både Knut og fleire andre i turfylgjet bidrog med innslag av ymse slag. Både røyst, musklar og hjerne vart sett på prøve. Stor takk til kvar og ein.  Men likevel mest takk til Anne og Birger.

Turreferat v/Odd Stuve Rommetveit

Frå besøk hos Jarle Tveit på Byrkjenes, ein fjellgard på nordsida av Suldalsvatnet.Caption

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget