Logo
Til DNT.no forside

Frivillig i Stord Fitjar Turlag

Stord Fitjar Turlag Turlag vert drifta av frivillige. Me arbeider for å skape eit godt miljø for det enkle, tradisjonsrike og naturvenlege friluftslivet.

Publisert: 05. mai 2023
Om DNT

Bli frivillig

Som frivillig i Stord Fitjar Turlag kan du delta på dugnader, tilsyn av hytter og gapahuker, tilsyn av stinett eller bli turleiar. 

Du kan også bli med i gruppestyrer eller hovudstyret. 

Har du lyst til å delta i det frivillige fellesskapet? Då kan du melde deg i frivilligregisteret til Bergen og Hordaland Turlag. Stord Fitjar Turlag får melding om alle som melder seg her. 

Registrer deg som frivillig her 

Tilsyn av hytter og gapahuker

Driftsgruppa i SFT er ansvarleg for tilsyn av hyttene Lundastøl og Stovegolvet samt gapahukane Skjepåsen, Stuvikjo og Hustrudalen. 

Send epost til stordfitjar.turlag@dnt.no om du vil vera med på tilsynsjobben.

Bli turleiar?

Nokre frivillige ynksjer å ta steget vidare og tar turleiarutdanning. Denne utdanninga er delt inn i fleire nivå, og ein velgjer sjølv kor mange nivå ein vil ta. 

For å kunne vere turleiar i Sotra Øygarden Turlag er det krav om å ha dei to første modulene i turleiarutdanninga: 

Ambassadørkurs 
Nærturleiar / eller grunnleggjande turleiar 


Les meir om DNT si turleiarutdanninga her.

Bli med på dugnad

Stinettet I Stord og Fitjar er vedlikehodt av frivillige som utfører tilsyn og vedlikehald ein gong i året. Ved større avvik vert det mobilisert eigne dugnadsprosjekt. Dette kan vera legging av klopper eller steinsetting i våte områder, bygging av bruer, rydding av rotvelter os.v.

Send epost til stordfitjar.turlag@dnt.no om du vil vera med i dugnadsgjengen. 

Informasjon til aktive frivillige
En mann i front og flere bak, som er klar for dugnadsinnsats.

Informasjon til aktive frivillige

Aktuelle linker til deg som er frivillig

Les videre
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet