Logo
Til DNT.no forside

Stord Topp 8

Stord Topp blir arrangert årleg ein søndag i slutten av Mai. Turen er 17 km og til saman 1000 høgdemeter. Du er i fjellet heile tida og vil ikkje på noko tidspunkt koma til veg eller bustadhus. Etter 4 toppar kjem du til Tysebotten i nordenden av Tysevatnet. Der er det drikkestasjon. Dei som vil gå 4 toppar bryt av her og føl austsida av Tysevatnet på merka sti tilbake til Lundseter og mål. Dei som går 8 toppar går no oppover mot dei høgste toppan på ruta før nedstigning mot mål.

Publisert: 10. mai 2024
Artikkel

Slik kjem du deg til startområdet.

For å koma til arrangementet tar du turen til Stord på E 39. Du tar av  i Førlandskrysset og føl Fjellgardsvegen til kryss der Lundsetervegen fører til Fjellstova på Lundseter der det er parkeringsplass. Der møter du parkeringsvaktar arrangementsdagen som viser deg kor du kan parkera og kor sekretariatet er.

Du kan også finna "Fjellstova Stord" på Google og navigera dit. På parkeringsplassen der får du vidare rettleiing om parkering og vegen til sekretariatet samt start/mål.

 Turar:

Stord Topp 8 har 3 alternative turar:

Alt 1: 8 toppar.

1.Steingjelsheddo 2.Budalsfjedlet 3.Stavalifjedlet 4.Sørliknatten 5.Skårafjellssåto 6.Skårafjedlet 7.Nibbo 8.Stovegolvet

Alt 2: 4 toppar. 

Som Alt. 1 dei 4 fyrste toppane. Deretter til mål via Sørlileitet, langs Tysevatnet og ned Tyseskaret til Lundseter og vidare til sekretariatet. I stikrysset der Topp 4 traseen tar av frå Topp 8 traseen er det vakt som viser veg til raudmerka sti som fører til Lundseter.

.Alt 3: 1topp. 

Har igjen 2 alternativ:a) Steingjelsheddo med retur til Vaulane og ned vegen frå demninga.b) Stovegolvet via trappene i Fossabrekko.

Starttidspunkt:

Det vert individuell start mellom kl 0800 og kl 1000. For deltakarar som skal gå 1 topp (Stord Topp 1) kan du starta fram til kl.1200.NB! Seinaste passering i Sørlileitet er kl 1430. Kjem du seinare her blir du tatt ut av Topp 8 turen. 

Topp 8 T-skjorte. 

Alle som har gjennomført Topp 1, 4 eller 8 får kjøpa T-skjorte til kr. 100,- (Verdi kr. 270,-) og ein buff til kr. 100,-

 

Kontakt

E-post: stordfitjar.turlag@dnt.no

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget