Tysdagstur med seniorgruppa
Tysdagsturar med seniorgruppa er tilbod for deg som har fri på dagtid!
Tysdagstur i Sunnfjord:
Kvar tysdag frå april til oktober inviterer vi til Tysdagstur! (med eit lite opphald i sommarferien). Vi samkøyrer frå Festplassen i Førde kl. 10.00, men du kan også møte direkte ved turstart. Send gjerne ei tekstmelding til turleiaren. Turane er graderte som enkle, middels eller krevjande, men inneheld ikkje luftige parti.
Alle som kan gå i terreng i 3–4 timar er velkomne! Merk at turmåla kan bli endra på kort varsel ved dårleg vêr. Seniorgruppa arrangerer også eigne overnattingsturar – her ligg alt til rette for flotte naturopplevingar i godt lag! 🚶♂️🏔️
Om samkøyring: Avreise er kl 10.00 frå FESTPLASSEN i Førde (p-plass v/Laksen) om ikkje anna vert opplyst. Vi samordnar transporten, og passasjerane betalar kr 50 pr tur når turen er inntil 50 km kvar veg. Er turen lenger, betalar passasjer kr 75-100 alt etter kor lang turen er. Ved særleg lange turar må betaling vurderast spesielt. Samråd deg gjerne med turleiar.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.
Kommande Tysdagsturar
Se også