Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Informasjon til tur- og aktivitetsleiar i Voss Utferdslag

Dette er tur- og aktivitetsleiarane si side. Her finn du praktisk informasjon, turleiarmappe og ulike skjema.

Publisert: 04. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
DNTs tilbud

Ulike skjema knytt til turar og aktivitetar er under revidering og skal vera klar fram mot tursesongen 2024.

Turleiarmappe

Dette er ei rettleiing for planlegging og gjennomføring av turar. Her finn du kva som er ditt ansvar og kva dagleg leiar kan hjelpe deg med.​​​​​​​

Sjå turleiarmappa til Voss Utferdslag

Mal for turskildring

Her finn du mal for turskildring som skal nyttast som eit verktøy for å skriva turskildringar. Bruk denne malen for å skildra turen du skal leia og send informasjonen til voss.utferdslag(at)dnt.no

Sjå mal for turskildring her

Risikoskjema

Her finn du risikovurderingsskjema for nærturar i regi av Voss Utferdslag. Dette skjemaet kan nyttast i tida fram til det nye digitale tryggleikssystemet til DNT er tilgjengeleg. Fyll ut skjemaet for turen din og send til voss.utferdslag(at)dnt.no

Sjå risikovurderingsskjema her

Skjema for turrapport

Her finn finn du skjema for turrapport som du kan nytta etter at turen er gjennomført. 

Retningslinjer for påskjøning

Her finn du informasjon om påskjøningar for deg som er frivillig i Voss Utferdslag. Sjå retningslinjer for påskjøning

Kravskjema for utlegg

Her finn du skjema til å levera reiserekningar og liknande utgifter du har hatt i samband med arbeidet ditt for Voss Utferdslag. Eksporter fila til ein pdf og send til voss.utferdslag(at)faktura.poweroffice.net. 

Vil du senda inn alt via appen til poweroffice? Ta kontakt med dagleg leiar, så ordnar me det.

Dugnadstimar

Alle dugnadstimar skal rapporterast inn til DNT sentralt, samt visast i statistikk på årsmøte/årsmelding. Notèr ned antal dugnadstimar du har jobba og rapporter inn til leiaren i gruppa di. Har du til dømes gjort noko arbeid for vardekomiteen og noko for seniorgruppa, sender du timane dine til to gruppeleiarar separat. 

Tryggleiksarbeid i Voss Utferdslag

Tryggleiksarbeid i Voss Utferdslag

God planlegging er halve turen, arrangementet eller dugnaden. Alle i laget har eit ansvar for tilrettelegging av trygg aktivitet når me tilbyr forbrukertenester som fotturar, skiturar med meir for deltakarane våre. I lovverket er det fem hovedplikter me må fylgja opp i tryggleiksarbeidet vårt.

Les videre
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag