Informasjon til hyttetilsyn og vardekomitèen
Her finn du praktisk informasjon, rettleiing for hyttetilsyn og ulike skjema.
Skrevet av: Margrethe Alm
Rettleiing for hyttetilsyn
Her finn du informasjon om rutiner og kva som inngår i hyttetilsyn-vervet.
Sjå rettleiing for hyttetilsyn
Sjekkliste for hyttetilsyn
Bruk dette skjemaet når du er på tilsynstur og send til hyttekontakt i Voss Utferdslag: knutlbryn(at)gmail.com og voss.utferdslag(at)dnt.no
Internkontrollskjema for hytter
Her finn du internkontrollskjema som skal fyllast ut ved utgangen av kvart år.
Mal årsmelding for hytter
Er du hyttekontakt? Her finn du mal for årsmelding. Fyll ut ved utgangen av året og send til Voss Utferdslag (voss.utferdslag@dnt.no) innan 10. januar 2024.
Retningslinjer for påskjøning
Her finn du informasjon om påskjøningar for deg som er frivillig i Voss Utferdslag.
Kravskjema for utlegg
Her finn du skjema til å levera reiserekningar og liknande utgifter du har hatt i samband med arbeidet ditt for Voss Utferdslag. Eksporter fila til ein pdf og send til voss.utferdslag(at)faktura.poweroffice.net.
Vil du senda inn alt via appen til poweroffice? Ta kontakt med dagleg leiar, så ordnar me det.
Dugnadstimar
Alle dugnadstimar skal rapporterast inn til DNT sentralt, samt visast i statistikk på årsmøte/årsmelding. Notèr ned antal dugnadstimar du har jobba og rapporter inn til leiaren i gruppa di. Har du til dømes gjort noko arbeid for vardekomiteen og noko for eit hyttestyre, sender du timane dine til to gruppeleiarar separat.
Tryggleiksarbeid i Voss Utferdslag
God planlegging er halve turen, arrangementet eller dugnaden. Alle i laget har eit ansvar for tilrettelegging av trygg aktivitet når me tilbyr forbrukertenester som fotturar, skiturar med meir for deltakarane våre. I lovverket er det fem hovedplikter me må fylgja opp i tryggleiksarbeidet vårt.
Les videre