TiTur Ytre Sogn
Titur Ytre Sogn går frå 15.april - 31.oktober. Ved å samle og registrere 10 turmål i Hyllestad, Gulen og Solund Kommune kan du V I N N E P R E M I A R. Det er gratis å delta på TiTur!
TiTur Ytre Sogn 2026 lanserast 15.april. Blir du med?
Prosjektet er eit samarbeid mellom Ytre Sogn Turlag og HIL v/Fjellgruppa.
I år har vi valgt ut desse turmåla;
Gulen
- Vindskaret (Austgulstølen)
- Søtekollen (Brekke)
- Veten (Byrknes)
- Gulakvia (dagsturhytta i Gulen)
Hyllestad
- Sørefjordhytta (dagsturhytta i Hyllestad)
- Hesjetinden
- Torgeirsletta
Solund
- Sognesjøhytta (dagsturhytta i Solund)
- Pollatinden
- Dumbetinden
Gjennomføring:
- Innsjekking: Bruk appen "UT.no". Følg lista her eller søk "Titur Ytre Sogn 2026" og du vil få opp årets 10 turar. SjekkUT når du når innsjekkingspunkta.
- På turkortet noterer du turane (last ned & klipp ut tabellen nederst på arket). Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.
- Innlevering: Turkortet leverast innan 31.10.2026 i papirform på biblioteket i din kommune der alle får ein deltakarpremie. Du kan eventuelt sende utfylt skjema på e-post: ytresogn.turlag@dnt.no
Premiering
Det vert trekning av gåvekort og turutstyr blant alle som leverer turkort!
Dei som er under 6 år er med i trekninga av premiar dersom dei har gått 3 av turmåla. Dei som er mellom 6 og 10 år og over 67 må gå 5 av turmåla. Alle andre må gå alle 10 turane.
Spørsmål om TiTur kan stillast Marit Gjersvoll tlf 99355314 (Gulen), Jens Petter Bergtun tlf 90233528 (Solund) eller Mona Birkeland tlf 97968131 (Hyllestad)
Se også