Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
På høsttur i Sogndal. Utrolig nydelige farger 😍

Utsiktsturar i Sogndal

Kvar finn du den beste utsikta i Sogndal? Her er dei seks tilrådde utsiktsturane våre.

Publisert: 03. september 2025
Inspirasjon

Det er noko eige med turar som gjerne har litt høgdemeter, men til gjengjeld påskjønner deg med eit syn ein ikkje ville vore forutan. Ein har kanskje sett bilete, men det blir aldri det same som å sjå det med sine eigne auge. 

I denne artikkelen får du tips til seks turar som gir deg ei flott utsiktsoppleving. Desse turane er grader til middels. Det betyr at dei er mellom 5 – 10 kilometer, og har 300 – 600 høgdemeter totalt. 

 

Rundtur til Skjeggen

Berre eit steinkast frå sjølve Sogndal sentrum, finn du start og slutt på denne rundturen. Skjeggen (738 moh) er eit flott utsiktspunkt over Sogndal. Turen går gjennom plantefelt og flott bjørkeskog, og du kan ofte møta på beitedyr her på sommaren.

Turen tek deg også forbi den ubetente DNT-hytta Kjørrdalsselet. Den har to sengeplassar i tillegg til eit lite opphaldsrom, og er open heile året. 

  • Sesong: Apr - nov
  • Lengde: 8,5 km
  • Tid: 3 t, 50 min
  • Stigning: 610 høgdemeter totalt
Annonse:

Fottur til Stedjeåsen

Denne turen tek deg opp på sørsida av Sogndal sentrum, på ein fin og bratt sti. Rundt halvvegs kjem du til ei av dagsturhyttene til kommunen, Stedjestova. Mange vel å avslutta turen her, medan nokon tek ein rastepause før ein går vidare opp til Stedjeåsen (postkasse).

På Stedjeåsen er det ein turpost som du kan sjekka inn på med SjekkUT i Ut-appen. 

  • Sesong: Apr - okt
  • Lengde: 7,8 km
  • Tid: 3 t, 40 min
  • Stigning: 647 høgdemeter totalt

 

Fottur til Jeiskedalen og Loftesnesfjellet

Få utsikt over heile Sogndal sentrum og Sogndalsfjorden på denne turen. I starten er det ein del stigning, før det flatar ut etter ca. 1,7 kilometer. Då har du komme til den gamle stølen Jeskedalen. Dette er for mange ein naturleg pausestad, før turen går vidare.

  • Sesong: Apr - okt
  • Lengde: 5,5 km
  • Tid: 2 t
  • Stigning: 489 høgdemeter totalt
Tips til planlegging av fjelltur
To personer studerer kart.

Tips til planlegging av fjelltur

Her får du tips til hva som bør inngå i planlegging før en fjelltur på sommer eller vinter, slik at det blir fin og trygg.

Les videre

Muntemarki rundt

Denne flotte rundturen har start og slutt i Årøy, inst i Barsnesfjorden. Undervegs er det 2 flotte utsiktspunkt: Ormaskori og Ramnaholten,  Imellom ligg Galtastegen, som var einaste vegen for å komma til Barsnesfjella frå Årøy tidlegare.

  • Sesong: Mai - okt
  • Lengde: 10,2 km
  • Tid: 4 t
  • Stigning: 497 høgdemeter totalt

 

Utsikta på Kvamshalsen

Det er ikkje utan grunn at det er ein plass på Kvamshalsen som er tydeleg skilta med ordet “Utsikt”. Dette er ein kort og bratt rundtur, som til gjengjeld har den flottaste utsyna i dalen over Dalavatnet. 

Turen går også via den ubetente DNT-hytta Grøssete, som er ein gammal støl. Den har til saman fem sengeplassar. 

  • Sesong: Mai - sep
  • Lengde: 6,6 km
  • Tid: 4 t
  • Stigning: 524 høgdemeter totalt

 

Fottur til Togga

No skal me til andre sida av Dalavatnet, og opp på toppen Togga (1205 moh). Dette er ein bratt og relativt kort tur, der du får utsikt over Sogndalsdalen heile vegen. 

Du følgjer ryggen, og det er jamn stigning heile vegen. Hugs å bruk sjekkUT når du kjem på toppen! Det gjer du via UT-appen. 

  • Sesong: Mai - sep
  • Lengde: 4,9 km
  • Tid: 3 t, 10 min
  • Stigning: 769 høgdemeter totalt
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem