Kajakkutleige i Sogndal og på Leikanger
Sogndal Turlag har utleige av kajakk for våre medlemmar i både Leikanger og Sogndalsfjøra.
Leige kajakk i Songdalsfjøra
Me har 10 singelkajakkar og 2 dobbelkajakkar. Kajakktilbodet er eit samarbeid med Sogndal Folkehøgskule som eig naustet.
Kajakknaustet ligg langs Fjordstien, nedunder folkehøgskulen, i nærleiken av Loftesnesbrui.
Naustet er låst med kodelås. Når du forhåndsbestiller kajakk på nett vil du få tilsendt koden til låsen på naustet.
Booking av kajakkar i Sogndalsfjøra: Booking
Leige kajakk på Leikanger
Her har me 5 singelkajakkar i det store naustet på båthamna ved Hermansverk. Tilbodet er eit samarbeid med Båtlaget på Hermansverk.
Her må du fylle inn medlemsnummeret ditt i DNT og skrive namnet ditt for å få leigd kajakk. Du vil då få tilsendt ein kode til låsen på kajakknaustet. Det er berre mogleg å leiga kajakk for maksimum opp til eitt døgn av gangen. Viss du veit at du berre skal på ein liten tur, så er det fint om du berre reserverer i dette tidspunktet slik at andre kan leiga kajakken før eller seinare på dagen.
Booking av kajakker på Leikanger: Booking
Vilkår for utleige:
Disse reglar gjeldar for leige av kajakk frå Sogndal Turlag:
- Vere medlem av DNT/Sogndal Turlag. Kvart DNT-medlem kan ta med seg opp til to venner som ikkje er medlem.
- Vere over 16 år for å leige kajakk aleine.
- Ha våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og kammeratredning
- I kajakknaustet må du signere eigenerklæring for å vise at du har forstått vilkåra og at du padlar på eige ansvar. Skjemaet skal leggast i ei kasse.
- Kajakkane skal berre nyttast med utgangspunkt i kajakknaustet. Viss det er ynskje om å nytta kajakkane med eit anna utgangspunkt, så må dette avklarast med kajakk-kontaktpersonen frå Sogndal Turlag.
- Sognefjorden er som regel kald, også sommarstid, så me tilrår at du anten padlar langs land eller nytter våtdrakt eller tørrdrakt når du padlar. Viss du er urøynd må du ikkje padla aleine.
- Bruk av kajakk fra Sogndal Turlag skjer på eige ansvar.
Betaling for leiga ved drop-in via VIPPS 99206 eller til kontonr. 3720.30.03057
Prisar | Medlem | Ikkje medlem |
Heil dag | 100 | 400 |
Halv dag | 50 | 200 |
Tryggleik
Sogndal Turlag sine kajakkar er solide kajakkar. Dei er utan ror, men med senkekjøl. Alle er stødige havkajakkar, men det betyr ikkje at dei er veltesikre. Difor må alle som leigar kajakk har våttkort eller ha tilsvarande kunnskap. Det vil seia at du skal klare å koma deg både ut av kajakken og opp i kajakken att viss du velter.
Tryggleiksutstyr
Til kvar kajakk høyrer det padleårar, redningsvestar, spruttrekk og tryggleiksutstyr som pumpe og årepute. Ha dette festa på kajakken når du padlar.
Spruttrekka er litt stramme, så fest dei delvis viss du er urøynd med å ta deg ut i frå ein velta kajakk. Ver òg merksam på at det fort kan blåse opp og bli store bølgjer også i Sogndalsfjorden. Det kan ofte vere straum under Loftesnesbrui.
Ta godt vare på utstyret!
Kajakkutleiga i Sogndal Turlag bygger på tillit, og me ber om at kajakkane og alt anna padle- og tryggleiksutstyr vert handsame med varsemd. Alt arbeidet med vedlikehald av utstyret skjer på dugnad.
Viss du ser at noko av ustyret manglar eller er øydelagt, ver venleg å sei i frå til oss. Sjå kontaktinfo under.
Me ber spesielt om at du er varsam når du sjøsett kajakken og tek han på land att for å redusera slitasjen. Bruk det grå teppet viss du sett ut kajakken frå båtslippen.
Når du sett inn att kajakken må du tømme kajakken for vatn og tørk godt av han. Det ligg svampar i naustet. Heng ustyret opp att på eigna stad slik at det har ein sjanse til å tørka og er lett tilgjengeleg for neste padlar
God padletur!
E-postadressa til Sogndal Turlag er: sogndal.turlag@dnt.no