Gratis utlån av utstyr til medlemar - Midtre Nordfjord Turlag
Midtre Nordfjord Turlag tilbyr gratis utlån av friluftsutstyr til DNT-medlemar
Padleutstyr:
Vi har padleutstyr plassert i Langedalen, Traudalen og Gjengedalen. Alt utstyr er merka. (Hugs å ta med bompengar i Gloppen)
I Gjengedalen er alt inne i eit naust i vika ved Gjengedalsstøylen. Naustet er merka med T, og vi har årar og vestar på venstre sida. Årane ligg over kajakkane.
I Langedalen er årar og vestar inne i uthuset, kajakkar på utsida. Også her er raud T.
I Traudalen er det litt meir provisorisk enno, padleutstyret er på nausttomt ved sidan av vegen til Dalsbøen.
Du må tinge kanoar/kajakkar på førehand, gjerne dagen før: http://www.supersaas.com/schedule/MNT/Kajakkutleige
Skal du tinge same dag, kan du få ei feilmelding, då kan du reservere ein dag fram i tid og endre reservasjonen til rett dag etterpå. Vi skal få retta innstilling i programmet, men inntil vidare er dette metoden.
Om du ikkje får epost ved bestilling, så er den truleg i spamfilteret ditt.
Truger:
Vi har ulike typar truger til utlån, og eit par skistavar. Medlemar kan låne på Chatlet Eid og Sandane. Utlånstid er ca ei veke av gongen.
All bruk på eige ansvar.
God tur!
Se også