Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Årsmøte i Luster Turlag 2026

Årsmøte i Luster Turlag vart holdt på Fjordstova i Skjolden den 13. februar 2026. Det vart ein flott kveld med utdeling av topptrimmen, musikk og filmvisning med Krister Kopala.

Publisert: 17. februar 2026
Skrevet av: Gry Thyrrestrup
Om DNT

Årsmøte i Luster Turlag gjekk av stabelen fredag den 13. februar på Fjordstova i Skjolden med 73 frammøte. Styreleiar Oddstein Haugen leia møte på beste vis og tok årsmøte gjennom årsmelding og rekneskapen for 2025. Det har vore eit godt år med mykje god aktivitet i turlaget.

Val

På årsmøte blei det valt inn to nye styremedlemmar; Ina Kristin Melheim og Kjell Oddvar Teigen vart begge valt for to år. Velkomen til Luster Turlag.

Trygve Snøtun blei valt til nestleiar for eit år. Styreleiar Oddstein Haugen tok gjenval, det sama gjorde kasserar Bente Henlene Skildheim Nes. Styret i Luster Turlag for 2026 ser da slikt ut:

Styreleiar: Oddstein Haugen

Nestleiar: Trygve Snøtun

Kasserar: Bente Helene Skildheim Nes

Styremedlemmar: Liv Endresen, Kristine Selbervik Lund, Ina Kristin Melheim og Kjell Oddvar Teigen

Varamedlemmar: Bjarne Venjum og Arne Fossøy

Utdeling av Topptrimmen

2025 var siste år i denne runden for topptrimmen og alle som hadde gjennomført vart invitert fram for utdeling av messingplate og statuetter. For Topptrimm-sesongen 2023-25 hadde 82 personar gjennomført alle ti toppar. Gratulerar med flott innsats!

Utdeling av messingplate og statuettar. Foto: Stein Bugge Næss

 

Påminning om betaling.

Me minnar om at dei som har fått utdelt messingplate og statuettar må betale for produksjonen av desse. Informasjon om korleis ein betaler finner dykk på baksida av diplomet.

Dei som ikkje hadde høve til å møte for å henta statuett/messingplate/diplom kan henta desse hjå Stein Bugge Næss på Høyheimsvik.

Musikk og filmvisning

Utdeling av topptrimmen blei feiret på beste vis med to låtar spelt av Topptrimmarane. Stor takk til Arve Bjørn Røneid med Topptrimmarane for å bidrege til den gode stemning!

Topptrimmarane. Foto Stein Bugge Næss

 

Etter nydeleg betasuppe servert av Fjordstova vart Krister Kopala invitert til å vise fram snowboardfilmen som vart spelt inn på Veitastrond og Tungestølen vinteren 2025. Dette var en utroleg spektakulær film som viste den storslåtte naturen rundt Tungestølen og Jostedalsbreen frå heilt nye vinklar. Tusen takk til Krister Kopala for å vise fram eventyret hans.

Krister Kopala viste snowboardfilmen frå Tungestølen. Foto: Gry Thyrrestrup

 

Takk til alle frammøte

Luster Turlag ønskjer å takke alle som møtte på Årsmøte og vil samstundes takke Fjordstova for god opvartning og servering.

Me ser fram til enda eit godt turår i Luster Turlag.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem