Luster Turlag sine hytter
Tungestølen Turisthytte
Turisthytta er eigd av Luster Turlag og vert driven som ei betjent DNT-hytte og kan tilby frukost, lunsj og middag for overnattande. Sjå Tungestølens eiga heimeside! Dagsbesøkande er også velkomne til å få seg eit måltid på hytta. Det er køyreveg/bomveg heilt fram til hytta, og hytta er også tilrettelagt for at rørslehemma skal nytte fasilitetane.

Fuglesteg
Luster turlag ønskjer velkommen til høgdegarden Fuglesteg og til den praktfulle steinstova frå 1830!

Fivla
Fivla er ein gamal fjellstøl som vart nytta av gardar på Høyheimsvik og Nes heilt nede ved Lustrafjorden. Hytta består av to hus med 12 senger i kvart, pluss ein del madrasser. Fivla ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen. Rett over ligg utsiktstoppen Fivlenosi (1466 moh.) der ein har heile Jotunheimen og mykje av Breheimen framfor seg.

Austerdalshytta
Austerdalshytta er ein del av det betente anlegget på Tungestølen om sommaren. Men på hausten, vinteren og våren er hytta ein fullverdig ubetent hytte- som ventar på deg! Det er straum i hytta, så det er ein liten lunk når du kjem fram. Deretter er det berre å fyre i omnen og kose seg. Hytta ligg i eit fantastisk område med bre, høge fjell - rett og slett vill og vakker vestlandsnatur

Prisar og betaling
Prisar på Fivla og Fuglesteg
(Tungestølen og Auserdalshytta har eigne prisar)
Medlem DNT/Ikkje medlem
Dagsbesøk 40,-/50,-
Overnatting vaksnekr. 200,-/400,-
Overnatting ungdom 13-26 år kr. 100/kr. 200,-
Overnatting born 4-12år(saman med føresette) kr.50/ kr. 100,-
Overnatting born 0-3år (saman med føresette)Gratis /Gratis
Vipps Fivla: 106547
Vipps Fuglesteg: 690245
eller, legg pengar i konvolutt med namnet ditt på og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og ta med deg giro og betal på nettbanken.
Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje. NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg og hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom!
Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris.
Fuglesteg: Stein Bugge Næss tlf. 95 87 45 96 e-post: stein.naess@luster-fjordhytter.com
Fivla: Ingeborg Flaten tlf. 91 77 37 71 e-post: ingeborgflaten@hotmail.com
Hytter Luster
Vis alle hytterSe også

